I dag vil det ula og pipa kring lunsjtid
Nasjonal varslingsprøve klokka 12.
To gonger i året gjennomfører Sivilforsvaret nasjonal varslingsprøve over heile landet – i januar og i juni.
Varslingssystemene er ein viktig del av samfunnets beredskap. Føremålet er å kontrollera at systema fungerer og samstundes gjera landets innbyggjarar kjent med varsla.
Sivilforsvarets varslingsanlegg sender signalet «Viktig melding – søk informasjon». Signala tutar tre gonger, med eitt minutts pause mellom kvar serie.
Naudvarsel vil også bli sendt ut på mobil. Dette for å sikra at systemet fungerer som det skal, og for at fleire skal kjenna til korleis eit naudvarsel lyder.
Kven kan få naudvarsel?
Det norske sivilforsvaret (DSB) reknar at kring 97 prosent av mobiltelefonane i aktiv bruk i Norge kan motta naudvarsling i dag.
Ved varslingsprøven i januar 2024 mottok 92 prosent av befolkninga test av naudvarsel på mobil, ifølgje ei representativ befolkningsundersøking gjennomført av Ipsos på vegner av DSB.
Naudvarsel vert sendt ut som to meldingar, ein på norsk og ein på engelsk. I den norske meldinga er teksten på bokmål, for å testa systemet slik det normalt vert brukt.