– I slike situasjonar står det om sekund. Då må me ha skikkeleg utstyr
Etterlyser ny redningsbåt. — Utstyret er ikkje godt nok per idag.
Etter ulukka i Os hamn laurdag kveld, var varabrannsjef i Bjørnafjorden brann- og redning, Erik Walden, tydeleg på at dei manglar ein god nok båt med godt nok utstyr i slike situasjonar.
Måndag var Os & Fusaposten på Steinneset då den skadde båten skulle løftast opp. Då fekk me ein prat med redningsdykkar Arbnor Lomesi. Han er samd med varabrannsjefen.
– Per i dag har me ikkje ein eigna båt for denne typen oppdrag. Laurdag brukte ei lita jolle, som såvidt har plass til fire mann og svært begrensa utstyr, seier Lomesi.
Stolt over kollegaene
Lomesi var sjølv blant dei som måtte følgja redningssituasjonen frå land då redningsbåten var full.
– Eg er enormt stolt over kollegaene som stod på ved bølgjebrytarane. Dei fekk først redda ut den eine av dei to mennene. Han andre var att i kahytten då båten byrja å søkka. I siste sekund klarte André Solbakken å få tak i mannen og dra han ut av båten, før båten gjekk heilt under, fortel Lomesi.
I ettertid viste det seg at sistemann som vart redda ut hadde kraftige brotskader som gjorde at han ikkje klarte å fota seg.
Måndag ettermiddag fekk Os & Fusaposten ein kort prat med familiemedlemer av dei to mennene som var involvert i ulukka.
– Han eine er utskriven frå sjukehus. Han andre er framleis innlagt med alvorlege brotskadar, fortel familiemedlemet.
Må ha båt i Os hamn
Lomesi har jobba som redningsdykkar i Bjørnafjorden kommune i seks år. Han har vore med på ei rekkje redningsaksjonar og er klinkande klar på behovet for ein ny, større redningsbåt.
– Denne gongen redda me dei to mennene fordi me var raske. Så kjapp kan me sjølvsagt ikkje vera om ulukka er lengre borte. Me har beredskap for heile Bjørnafjorden-bassenget, minnar Lomesi om.
Han ristar på hovudet.
– Kva om ulukka er lengre vekke? Skal me padla ut i den vesle gummibåten, spør han retorisk, og held fram:
– Me har praia båtar over ein låg sko i mange år, men dette er ikkje til å leva med. Aller helst skulle me hatt ein god redningsbåt som kan liggja klar i Os hamn. Om det står om sekund, som i dette tilfellet, er det den beste løysinga.
Ikkje sjødyktig nok
Varabrannsjef Erik Walden poengterer at han og Bjørnafjorden brann- og redning har etterlyst ein skikkeleg redningsbåt sidan 2019.
Han er glad for at dei kan disponera Unik-båten til Rotary, men denne er ikkje ideell som redningsbåt og heller ikkje ideelt plassert.
– Stundom har me oppdrag på Tysnes eller endå lengre vekke. Då seier det seg sjølv at det er lite gunstig å dra til Halhjem og henta ein liten arbeidsbåt før me skal på oppdrag. 'Uniken' er fin, den, men ikkje eigna for høg sjø, og tilfredsstiller heller ikkje HMS-krava for våre tilsette, seier Walden.
Laurdag kveld var det høge bølgjer.
— I slikt vêr må me ha ein skikkeleg redningsbåt som eignar seg for denne typen oppdrag.
– Kva type båt er det konkret de ønskjer dykk?
– Det bør vera ein båt på kring åtte meter – med styrehus der ein kan søkja ly. Dessutan bør båten vera oppdatert med alt av naudsynt redningsutstyr. Behovet er skrikande. Dette må berre prioriterast, meiner Walden.
Ser behovet
Ordførar Terje Søviknes ser behovet, men påpeikar at ei slik investering må diskuterast i budsjettsamanheng.
– Me har fleire investeringsbehov når det kjem til brann- og redningstenesta, til dømes ein tankbil på austsida av kommunen. Her må det prioriterast, seier Søviknes.
Han forstår likevel Walden og Lomesi godt.
– Me bur i ein kommune med mykje kyst og sjø. Eg forstår at det må vera frustrerande å utføra redningsoppdrag utan godt nok utstyr. Me er fullstendig klare over ønsket, men kommunen har avgrensa midlar, og dette må me eventuelt sjå på i budsjettarbeidet til hausten, seier ordføraren.