Fyllinga er godkjent som lagring av massar frå Ohara, men ikkje for asfalt.
Fyllinga er godkjent som lagring av massar frå Ohara, men ikkje for asfalt.

Ikkje-godkjent fylling: No må kommunen rydda opp

Kommunen har ikkje lov å lagra asfalt på Brandsneset. Det slår Fylkesmannen fast.

Fyllinga på Brandsneset (mellom Hetlestraumen og Byvegen) er godkjent som tipp for overskotsmassar frå det nye avløpsreinseanlegget (OHARA). Men i tillegg har Os kommunebrukt fyllinga til å mellomlagra asfalt.

Må rydda opp

Artikkelen held fram under annonsen.

I plan- og bygningsutvalet torsdag orienterte kommunalsjef Aina Tjosås om at kommunen har fått avslag på å halda fram å bruka Brandsneset som tipp for asfalt.

– Det som skjer er at når du skal gjera arbeid i bakken, så fjernar du litt asfalt frå vegar rundt omkring. Og då må me ha ein stad å mellomlagra asfalten medan arbeidet held på. No må me rydda opp på Brandsneset, og finna ein ny stad for dette, sa Tjosås.

– Forstå det den som kan

Ove Frotvedt (Frp) som av yrke er jordbrukskonsulent og har vore borti slike problemstillingar før, kommenterte saka.

– Regelverket er slik at dersom du knusar asfalten, får du lov å lagra det. Men kva er eigentleg forskjellen mellom knust asfalt og asfalt lagra i flak? Forstå det den som kan.

Han sa at ein kunne vurdera å finna ein stad der ein kan knusa asfalt. Aina Tjosås svarte at det ikkje er nokon i bygda som har godkjent asfaltknuseverk, så kommunen er avhengig å finna noko nytt.

ol@osogfusa.no