Førehandsinnkrevjing av bompengar for å finansiera Hordfast-prosjektet er ikkje naudsynt, slik Samferdsledepartementet vurderer det.
Førehandsinnkrevjing av bompengar for å finansiera Hordfast-prosjektet er ikkje naudsynt, slik Samferdsledepartementet vurderer det.

- Ikkje naudsynt med førehandsinnkrevjing av bompengar

Samferdsledepartementet stadfestar i eit brev denne veka at førehandsinnkrevjing av bompenger for Hordfast-prosjektet ikkje er naudsynt for vidare planlegging av nye E39.

Brevet kom som svar på ein førespurnad frå Stord kommune.

– Det er etter Samferdsledepartementet si vurdering ikkje behov for førhandsinnkrevjing av bompengar til planlegging av Hordfast, gitt planleggingsmidlane i Statens vegvesen sitt handlingsprogram for 2018-2023 (2029), heiter det i brevet frå Samferdsledepartementet datert 19. oktober.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjekk tilbake på det

Formannskapet i Os med Høgre og Frp i spissen sa først ja til førehandsinnkrevjinga på eit møte i september. Deretter gjekk Frp tilbake på dette, og konstaterte at dei ville seia nei til denne førehandsinnkrevjinga.

Hordfast AS var tidleg ute og flagga at dei ønskte at Os kommune sa ja til dette, men har no snudd.

– Eg har i dag også fått melding fra Hordfast AS ved dagleg leiar Øyvind Halleraker om at dei no legg bort saka om førehandsinnkrevjing av bompengar til prosjektet, seier Os-ordførar Terje Søviknes i ein kort kommentar.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no