President i Juristforbundet, Curt A. Lier, meiner at det ikkje kan sjåast på som maktmisbruk å gje bort pengar til veldedige føremål. - Då trur eg mykje av det norske politikarar foretar seg ville ha blitt sett på same måte, seier han. (Pressefoto).
President i Juristforbundet, Curt A. Lier, meiner at det ikkje kan sjåast på som maktmisbruk å gje bort pengar til veldedige føremål. - Då trur eg mykje av det norske politikarar foretar seg ville ha blitt sett på same måte, seier han. (Pressefoto).

- Ikkje snakk om korrupsjon

President i Juristforbundet, Curt A. Lier kan ikkje sjå at Susanne Sperreviks Facebook-stunt er for korrupsjon å rekna.

- Eg kan på bakgrunn av lesarbrevet, ikkje sjå at det i dette tilfellet er brot på korrupsjonsbestemmingane, seier Lier, og utdjupar.

- Det kan ikkje sjåast på som misbruk av makt å gje bort pengar til veldedige føremål, sjølv om motivasjonen bak er å auka sin populariteten sin blant veljarane. Då trur eg mykje av det norske politikarar foretar seg ville ha blitt sett på same måte. Det blir også feil å seia at dette er å kjøpa røyster, då det ikkje føreligg noko forplikting for mottakarane til å røysta på ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lier legg til at han tek atterhald om at det kan vera sider ved saka som ikkje kjem fram i lesarbrevet som kan gjera at han ville ha sett annleis på spørsmålet.

Kjøpar Sperrevik røyster?

Bakgrunn for saka er ei melding leiar i Os Høgre, Susanne Sperrevik, la ut på Facebook-profilen sin denne veka. Ho skriv at ho ønskjer å dela ut "politikarløna" si til ulike organisasjonar i Os som driv med aktivitetar for born og unge. Gisle Hesjedal har reagert i eit lesarbrev. Han meiner at det i det minste beveger seg i ei etisk gråsone, og han stiller spørsmål om dette kan vera brot på Straffelovas § 276 c, om korrupsjon ved påvirkingshandel.

- Eg undrar meg over kor mange partistemmer, personstemmer og slengjarar dette vil resultera i? Nokre vil kanskje hevde at gåvene frå Sperrevik ikkje vil kunna påverka veljarane i Os. Tja, sjå for deg at Trond Mohn stiller til val som sistekandidat på ei partiliste i Bergen. Trur du han ville fått nok personstemmer og slengjarar til at han hadde blitt vald inn i bystyret? skriv Hesjedal.

Heile lesarbrevet kan ein lesaher.

Tilbakevisar korrupsjonspåstand

Høgre-politikar Susanne Sperrevik harsvart Hesjedal. Ho seier at påvirkingshandel er ein strafferettsleg betegnelse på bakmannskprrupsjon overfor offentlege tenestemenn, og at det ikkje er snakk om ei slik handling i hennar tilfelle.

- Det tilbakevisast på det sterkaste, skriv ho.

Vidare skriv ho at så lenge ein finn noko grunn til å stilla spørsmål til ein politikars integritet og etikk, er det noko ein folkevalt er pliktig til å lytta til og ta på stort alvor.

- Eg vel no å forholda meg til dei løfter eg alt har gitt nokre frivillige organisasjonar. Det er bindande gåveløfter som eg vel å respektera. For øvrig håpar eg at debatten vil gå vidare mellom borgarar, folkevalte og relevante fagmiljø, slik at vi kan koma til ein forståing av kor grensa går for kva vi som folkevalte kan foreta oss. Eg vil ikkje donera ytterlegare honorar inntil ei slik avklaring ligg føre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opp til kommunestyret og veljarar

Presidenten i Juristforbundet ønskjer av prinsipp ikkje å uttala seg om noko er straffbart i konkrete sakar. Årsaka er at saka kan bli meldt til politiet, og då er det påtalemyndigheitene som skal ta stilling til dette spørsmålet.

Utifrå lesarbrevet kan han likevel ikkje sjå at Sperrevik gjer noko ulovleg. Om det er heldig, er ikkje opp til han å dømma.

- Kor vidt det er heldig at politikarar opptrer på denne måten, er det kommunestyret og veljarane som bør meina noko om, seier han.