Ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg.

Informerer om ferje-grep i høve Brann-Viking-kampen

Torhatten informerer om at dei gjer grep i høve til storkampen på Brann Stadion fredag kveld.

Publisert

Det er venta store hjorder av Viking-supportarar til Brann Stadion fredag kveld. På eigne sider melder drifter av ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg (Torghatten) at dei tek høgde for nettopp dette, og at dei ønskjer å gjera folk merksame på at det blir mykje trafikk før, og etter kampslutt.

«Vestlandsderbyet mellom Brann og Viking vert spelt i Bergen i kveld og i samband med dette er det venta rundt 1.000 Viking-supportarar til kampen. Fem supporterbusser frå Stavanger vil følgja avgangen frå Sandvikvåg klokka 16.30. Ved eventuelle forseinkingar, kan bussane bli med på avgangen klokka 16.30. Dette til orientering», skriv dei.

Dei legg til at det er sett opp ein ekstratur for Viking-fansens heimtur. Denne går frå Halhjem klokka 22.45.

Powered by Labrador CMS