Stengt: Totalt 15 elevar og ein lærar har så langt testa positivt for covid-19.

Ingen elevar skal møta på Os ungdomsskule komande veke

Kommunal kriseleiing vedtok i kveld å innføra heildigital undervisning for alle elevane.

Årsaka er det store smitteutbrotet på 8. trinn.

Så langt har 15 elevar og ein lærar så langt har testa positivt for covid-19.

Artikkelen held fram under annonsen.

KKL har difor gjort vedtak om at alle elevar på Os ungdomsskule skal ha digital undervisning mandag, tysdag og onsdag.

Det betyr at ingen elevar skal møta på skulen måndag.

Torsdag og fredag har elevane fri frå før.

Elevane vil få informasjon frå sin kontaktlærar om korleis innhaldet i veka blir.