Semje: Nesten seks timar på overtid vart det semje mellom partane.

Ingen ferjestreik. Partane er samde

NHO Sjøfart og tre sjømannsorganisasjonar har vorte samde hjå Riksmekleren.

Dermed blir det ingen ferjestreik, som ville ha råka 33 samband, deriblant sambandet mellom Halhjem og Sandvikvåg.

Det skriv Bergens Tidende laurdag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Like før klokken seks laurdag morgon opplyste riksmeklar Mats Wilhelm Ruland til NTB at det er semje mellom NHO Sjøfart og alle dei tre involverte forbunda.

Då var den opphavlege fristen gått ut for nesten seks timar sidan.

Kva partane har blitt samde om under meklinga er førebels ikkje kjent.

Les også
Mogleg streik på Halhjem-Sandvikvåg til helga