Færre: Det kan bli færre ferjeavgangar mellom Halhjem og Sandvikvåg frå og med laurdag.

Mogleg streik på Halhjem-Sandvikvåg til helga

11 ferjer med mannskap kan bli tekne ut i streik laurdag. Dette kan råka Halhjem-Sandvikvåg.

Meklinga mellom sjømannsorganisasjonane og NHO Sjøfart starta torsdag morgon. Om dei ikkje vert samde innan meklingsfristen ved midnatt fredag, vil mannskap ved 11 ferjer i Vestland fylke bli ramma av streik frå og med laurdag morgon.

— Me legg mykje arbeid i å balansera uttaka, slik at me ikkje isolerer nokre samfunn heilt, men folk må vera førebudde på at det kan bli litt kø, seier administrerande direktør og forhandlingsleiar for Norsk Sjøoffisersforbund, Hans Sande til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Halhjem-Sandvikvåg er eitt av sambanda som i så fall vert råka. Her vil mannskapa på MS Samnøy og MS Færøy bli tekne ut, og ein tredel av avgangene på dagtid vil gå ut.