Endrar: Kommunen endrar informasjonspraksis kring korona-smitten.

Ingen nye smittetilfelle på 10 dagar

Det er ikkje meld om smitte i Bjørnafjorden sidan starten av desember.

Dei siste korona-oppdateringane frå kommunen har vore av det gode slaget.

No opplyser dei at - sidan smittetala er på veg ned i regionen, og det ikkje er meldt om nye tilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune på 10 dagar - så vil dei gå attende til å informera berre ved eventuelle smittetilfelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ein lenge periode no har ein gjeve daglege oppdateringar uavhengig av om det har vore nye smittetilfelle eller ikkje.