Framleis ingen tilfelle i Bjørnafjorden: – Det er framleis ingen personar som har fått påvist koronavirus i Bjørnafjorden kommune, fortel kommuneoverlege Klaus Melf onsdag føremiddag.

Ingen påvist smitta, men elevar sendt heim frå vidaregåande i påvente av svar

Det er framleis ingen påviste tilfelle av koronaviruset i Bjørnafjorden. Men i føremiddag vart nokre elevar sendt heim frå vidaregåande skule i påvente av eit prøvesvar i ein annan kommune.

– Det var berre for sikkerheits skuld, understrekar kommuneoverlege Klaus Melf.

Elevane skal ha vore på fest i helga med ein person frå ein annan kommune som i etterkant av festen vart testa for koronavirus. Elevane har sjølv utvikla symptom, og vart difor sendt heim får skulen for kort tid sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Prøvesvaret for personen dei var på fest med er ikkje klart enno, påpeikar Melf.

Det er altså ingen påviste tilfelle av koronavirus i Bjørnafjorden enno. Måndag vart 13 personar testa. Av desse var 10 prøver negative, medan dei tre siste truleg vert ferdig analyserte i løpet av dagen. Tysdag vart fem nye personar testa.

– Vi forventar svar på desse prøvene først i morgon, fortel kommuneoverlegen.

Vel 400 personar smitta i Noreg

Tysdag kom Folkehelseinstituttet (FHI) med nye tilrådingar til korleis ein skal forholda seg koronaviruset, og spreiinga av dette. FHI tilrår å avlysa eller utsetja arrangement med fleire enn 500 deltakarar. Tilrådinga gjeld frå i dag, og ut månaden i første omgang.

– Arrangement som samlar mange menneske kan gi grunnlag for stor smittespreiing, både på sjølve arrangementet og ved bruk av offentlig transport til og frå arrangementet, samt etterpå i lokalsamfunnet der deltakarar returnerer heim, skrev FHI på nettsidene sine tysdag.

Arrangementa det gjeld kan vera alt frå konsertar og teaterstykke til kinoframsyningar, idrettsarrangement og konferansar.

For alle offentlige arrangement med meir enn 100 deltakarar tilrår FHI risikovurdering før gjennomføring. Det er arrangøren sjølv som har ansvar for å gjennomføra ein slik risikovurdering, som deretter må godkjennast av kommunen, skriver FHI på nettsidene sine.

Så langt er vel 400 personar smitta i Noreg. I fem av tilfella styresmaktene fortalte om tysdag kveld har det ikkje vore mogleg å spora smittekjelda i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjev indikasjon på at vi er over i ein ny fase av utbrotet, sa avdelingsleiar ved FHI, Line Vold.

Bed arrangørar om å følgja med på oppdateringar frå FHI

Melf fortel at Bjørnafjorden kommune forheld seg til tilrådingane i frå FHI, og at arrangement med 500 personar eller meir difor må avlysast eller utsetjast.

Ettersom det enno ikkje er påvist smitte i kommunen, vil mindre arrangement framleis kunne gjennomførast, men, understrekar han, den tilrådinga gjeld berre på noverande tidspunkt. Det kan fort skje endringar.

Melf oppmodar arrangørar av konsertar, idrettsarrangement og andre tilstellingar om å følgja med på FHI sine daglege oppdateringar.

– Det kan koma innskjerpingar, og då må arrangørane forholda seg til det, påpeikar han.