Fem timar: Etter fem timars mekling godkjende Fagforbundet forslaget frå riksmeklaren.

Ingen streik for tilsette i Bjørnafjorden

Fagforbundet varsla mogleg streik for tolv medlemer i Bjørnafjorden frå torsdag 27. mai. Slik vart det ikkje.

Etter fem timars mekling godkjende nemleg Fagforbundet forslaget frå riksmeklaren. Dermed blir ingen tilsette i Bjørnafjorden kommune tekne ut i streik.

Les også
12 arbeidstakarar kan bli teken ut i streik. Meklingsfristen går ut ved midnatt i morgon

Meklinga mellom KS og Unio førte derimot ikkje fram. 7.390 av Unios medlemmer er no tekne ut i streik, fordelt på 13 kommunar og ni fylkeskommunar.