Har konkludert: Kommunane i bergensregionen har konkludert etter møtet søndag.

Ingen tiltak no, men kommunen følgjer situasjonen tett

Bjørnafjorden kommune innfører ikkje strengare smitteverntiltak no, men følgjer situasjonen tett.

Det er konklusjonen etter at kommuneleiinga var i møte søndag ettermiddag. I møtet deltok Statsforvaltaren, Helsedirektoratet, FHI, helseføretaka og kommunane i bergensregionen. På agendaen stod eventuelle felles smitteverntiltak som følgje av smitteutbrotet i bedehusmiljøet på Askøy og i Øygarden.

Les også
Bjørnafjorden skal i møte om eventuelle tiltak kl 13

– Konklusjonen frå møtet er at vi ikkje tilrår ei nasjonal eller felles regional forskrift per no, oppsummerer kommunedirektør Christian F. Fotland og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi fekk ei god skildring av situasjonen på Askøy og dei tiltaka dei har innført gjennom ei lokal forskrift, men vi ser ikkje eit behov per no for å innføra fellestiltak i regionen.

Kommunen følgjer situasjonen tett vidare.

– Det er viktig at vi alle følgjer dei nasjonale reglane og tilrådingane og at vi avgrensar sosial kontakt på tvers mest mogleg for å ikkje bidra til ei ytterlegare spreiing. Dette er ikkje tida for å reisa på arrangement, møter eller tilsvarande i nabokommunane, avsluttar Fotland.