Ingvard Wilhelmsen vitjar Tunet
Ingvard Wilhelmsen har drive hypokonderklinikk ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus i 22 år. Torsdag held han foredrag i Tunet.
Wilhelmsen er professor emeritus ved universitetet i Bergen, spesialist i indremedisin og psykiatri.
Han har også skrive fleire bøker, mellom anna; «Livet er et usikkert prosjekt», «Sjef i eget liv», «Kongen anbefaler» og «Det er ikke mer synd på deg enn andre».
Artikkelen held fram under annonsen.
Han hevdar at det meste i livet kan vi ikkje gjera noko med, men korleis vi stiller oss til det som skjer, kan vi sjølv bestemma!
Denne kvelden i Tunet, vil Wilhelmsen ta opp haldningane våre til grublingar, bekymringar, liv og død, usikkerheit og risiko.
Han har som vanleg ei humoristisk tilnærming og er ein meister til å fengja tilhøyrarane.
Gå ikkje glipp av Ingvard Wilhelmsen denne kvelden i Tunet, ein kveld som du truleg vil hugsa lenge!
Det vert også god musikk, song og enkel servering!
Alle er velkomne! Sjå eigen annonse.
Arrangør er ”TiTT” ved Os Sokneråd.