Laurdag ettermiddag fekk politiet i Os melding om innbrot i ein garasje i Os nord.
Laurdag ettermiddag fekk politiet i Os melding om innbrot i ein garasje i Os nord.

Innbrot i garasje i Os nord

Ein del verktøy er bortteken frå ein privat garasje i Os nord. Ein smell i området fredag kveld kan ifølgje politiet vera knytt til innbrotet.

Politiet fekk melding om innbrotet klokka 13 laurdag. Nøyaktig når innbrotet har funne stad, er førebels uvisst.

– Innbrotet har skjedd i ein garasje på ei privat adresse i Os nord. På noverande tidspunkt har vi ikkje fullstendig oversikt over kva som manglar, men det skal vera snakk om ein del handheldte verktøy, opplyser vakthavende betjent ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

I same område er det meldt om ein smell i tidspunktet 18.30–19.30 fredag kveld. Dette kan ifølgje politiet vera tidspunktet for innbrotet.

– Vi har vore på staden og gjennomført ei åstadsundersøking, men har ikkje så mange fleire spor å gå etter. Om nokon har tips, er det berre å ta kontakt med politiet.

Delar av flytebryggje på rek

Tidleg søndag morgon, i 7-tida, fekk politiet melding om noko som likna på ei flytebryggje ved innløpet til hamna i Os.

– Det ser som ein utliggar til ei flytebryggje som ligg og duppar. Delar av utliggjaren ligg under vatn. Vakthavande brannbefal er orientert. Utliggjaren utgjer ikkje noko spesiell fare på noverande tidspunkt, men når det vert mørkt kan han utgjera ein risiko. EG reknar difor med at han vert fjerna i løpet av dagen, opplyser politiet.

Truleg har utliggjaren slite seg i løpet av natta. Politiet oppmodar alle om å sikra tinga sine godt når det er dårleg vêr.