Skjørsand og Fusa Vassverk SA melder at «bassenga har nådd eit kritisk lågt nivå, så vi må be alle medlemer om berre å bruka vatn til høgst naudsynte føremål».
Skjørsand og Fusa Vassverk SA melder at «bassenga har nådd eit kritisk lågt nivå, så vi må be alle medlemer om berre å bruka vatn til høgst naudsynte føremål».

Innfører vatningsforbod - kan bli utan vatn

Det vert innførd vatningsforbod i Strandvik og på Vinnes frå og med i dag. Også på Fusa og Skjørsand har vatnbassenga nådd eit kritisk nivå.

- Det blir brukt mykje meir vatn enn reinseanlegget vårt produserer, så ver grei og ikkje bruk meir vatn enn nødvendig, er oppmodinga frå styret i Strandvik og Vinnes vassverk.

Skjørsand og Fusa Vassverk SA melder at «bassenga har nådd eit kritisk lågt nivå, så vi må be alle medlemer om berre å bruka vatn til høgst naudsynte føremål».

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom forbruket ikkje går ned, må vassverket stengja ned hovudleidningane allereie i kveld/natt.

- Dette fører til at medlemene blir utan vatn, skriv vassverket i ein SMS.

Fusa kommune innfører også nytt forbod mot hagevatning og liknande frå og med 5. juli for abonnentane til kommunen sitt vassverk i Eikelandsosen og på Holdhus. Årsaka er at vasstanden i vasskjeldene minkar på grunn av lite nedbør i vår og sommar.

- Bruk difor så lite vatn som mogeleg, oppmodar kommunen.

jostein@osogfusa.no