Det var mange sterke opplevingar for Tove og Synnøve Tvedt Skarstein, men dei sit att med nesten berre positive minne etter turen til Uganda. (Alle
Det var mange sterke opplevingar for Tove og Synnøve Tvedt Skarstein, men dei sit att med nesten berre positive minne etter turen til Uganda. (Alle

Intenst for Tove og Synnøve i Uganda: – Det var tøft å reisa frå dei

Etter ein formidabel innsamlingsaksjon, reiste Tove og Synnøve til Uganda for å sjå med eigne auge det viktige arbeidet Bring Children From Streets gjer. Turen baud på sterke og fine opplevingar.

– Det var ein tur fylt med positive opplevingar. Det gjer vondt å sjå så mange leva i fattigdom. Borna har lite, men dei er stolte over det dei har og elskar å visa det fram. Eit kjempehyggeleg folkeslag, seier Synnøve, som synest det var vondt å reisa frå Uganda.

– Vi knytte band til dei vi møtte. Det var tøft å reisa frå dei. Eg har veldig lyst til å reisa ned igjen. Gjerne saman med borna mine.

Artikkelen held fram under annonsen.

113.000 kroner og 19 kolli

Os & Fusaposten snakka med dei to nokre veker før dei skulle reisa. Då hadde innsamlingsaksjonen som Tove starta, gått føre seg i ti dagar. Til då hadde dei fått inn 30.000 kroner. Tove har for øvrig samla inn over ein halv million kroner til stiftinga Bring Children From Streets (BCFS) sidan 2009. Då dei skulle reisa hadde dei fått inn så mykje utstyr og klede at det nesten ikkje var mogleg å få det med seg.

– Vi hadde 19 kolli då vi reiste frå Flesland. Det blei også kjøpt mykje i Uganda. Pengestraumen frå snille gjevarar stoppa på 113.000 kroner. Det er heilt fantastisk, seier Tove.

I tillegg til bidrag frå privatpersonar, har også mange verksemder i Os kome med ei hjelpande hand. Mellom anna fekk Synnøve, som er utdanna lege, med seg medisinsk utstyr.

– Malaria og luftvegsinfeksjonar blei behandla av sjukepleiarar på barneheimen. Alt dei hadde var eit par ting i eit medisinskap. Nokre av borna hadde sår og luftvegsinfeksjonar som trengte behandling. Det var fint å kunna bruke yrket mitt, og ikkje minst utstyret som var donert frå Os.

Vakna til tanks i hagen

Då dei først kom til Uganda, blei dei henta av ein sjåfør. Ein kan trygt seia at det første møtet med landet var eit lite sjokk.

– Vi køyrde innover og det var bekmørkt. Vi møtte på ein tanks, lastebilar og vegsperringar. Der stod det soldatar med maskingevær. Alt dette fordi det var eit møte mellom nokre afrikanske presidentar, seier Tove.

– Vi vakna opp til ein soldat og ein tanks i hagen kvar dag. Det var spesielt, men det er utruleg kva ein blir van med, seier Synnøve.

Det var også spesielt for dei to å sjå kva ein god regnskur kunne gjera med landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Regntida starta då vi var der. Vi fekk sjå kor nedbøren kan øydeleggja. Det regna konstant i to timar, og etter det var alt annleis. Nedbøren øydela hus og gjorde vegen nesten ukøyrbar. Det var nesten berre mopedtaxiane som kom seg fram, seier Tove.

Dei to fekk ikkje tid til å vitja den vidaregåande skulen, men dei var i Katangaslummen for å sjå prosjekta til Bring Children From Streets, og dei var på Nsumba barneheim.

– Eitt av prosjekta til BCFS er at dei tilbyr jenter sy-opplæring. Etter at dei er ferdige med eksamen, får dei sin eigen symaskin, slik at dei kan laga sitt eige arbeid og tena pengar, seier Tove og held fram:

– Det er det mange gjer – skapar sitt eige arbeid. Nokre syr, medan andre sel plastposar på gata. Dei gjer det dei kan for å tena til livets opphald. Då vi gjekk på marknad, fekk vi sjå dette med våre eigne auge. Det var mykje fattigdom, men alle heldt på med noko.

Synnøve seier at det ikkje fanst noko middelklasse. Nokre er rike. Veldig rike. Medan resten av befolkninga er fattig.

– Presidenten har eit stort slott med om lag hundre lyktestolpar kring, men det finst ikkje veglys. Det er store skilnader, og så godt som alle er fattige.

Born med store draumar

Det varma hjarta deira å sjå idealistar som vier all si fritid til å hjelpa andre. På vegen ned trefte dei på folk frå Leger utan grenser, og Tove og Synnøve reiste med to av personane i BCFS.

– Dei vier liva sine til at andre skal ha det bra. Det var så mykje medmenneskelegheit å sjå på turen. Dette er folk som har full jobb og som gjer dette ved sida av, seier Synnøve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to ønskjer å skapa blest om arbeidet som BCFS gjer. Ein kan støtta mange veldedige føremål, men damene frå Os har fleire grunnar til at BCFS er rett og viktig å støtta.

– Det er ingen mellommenn. Pengane går nett til det dei skal. Vi har sett det viktige arbeidet dei gjer, og eg er stum av beundring. Dei nøyer seg ikkje berre med å få born på skulebenken heller, dei følgjer dei opp og syt for at dei får utdanning og hjelper dei i livet. Born vi snakka med hadde draumar, og visste kva dei ville bli. Dei sa dei skulle bli lege, advokat eller lærar osv. Eg håpar at fleire ønskjer å bli fadrar for å hjelpa til. Stiftinga har ingen faste økonomiske bidrag heller, så dei er avhengige av kontinuerleg støtte, seier Tove og legg til:

– Om ein er fadder for eit born, kostar det 200 kroner i månaden. Det er sju kroner dagen. Dei sju kronene støttar eit born gjennom utdanninga og syt for mat og husvære, og som sagt – her er det ingen pengar som stoppar undervegs. Alt går der det skal.

I-landsproblem

Synnøve seier at det var tungt å reisa heim, men det var sjølvsagt godt å sjå familien igjen. Ho trengde nokre dagar å koma seg på.

– Ein blir litt tom fordi ein gjev så mykje av seg sjølv, og fordi det er tungt å tenkja på alle dei ein reiste frå i Uganda. Ein time etter at eg landa tok eg med meg dottera mi på fireårskontroll. Der fekk ho ein systematisk gjennomgang av språk, syn og alt. Ein heil time fekk ho. Det er eit fantastisk system vi har i Noreg – som står i sterk kontrast til Uganda. Det må ein ikkje gløyma, seier Synnøve og legg til:

– Borna eg trefte er nett som alle andre born. Dei set pris på å bli lese for, å mala og å perla. Dei elskar dei same tinga som born i Noreg gjer. Det er mange som treng hjelp, og dei treng fleire fadrar. Etter å ha kome heim, ser eg kor mange i-landsproblem vi har. Bagatellar blir til problem, men det er ingenting samanlikna med kva andre slit med.