Inviterer til gospelnight for eit vakse publikum

Fredag 1. februar blir det gospelnight i Os kyrkje, for eit vakse publikum.

Då Join Us Tensing feira 40-årsjubileum hausten 2017, var det mange som opplevde at det å finna fram songar frå gamle dagar var noko som verkeleg gav meirsmak, og fleire snakka om at dette burde vi gjera meir av.

Ein liten gjeng av gamle korsongarar og musikarar har no tenkt å gjera alvor av dette, i samarbeid med Os kyrkjelyd vert det invitert til ein gospelnight i Os kyrkje bygd over same lest som gospelnightar i tidlegare tider. Det blir ingen konsert, men fokus på allsong, som blir leia av ein gjeng med musikarar og songarar som var med i Join Us på 70-og 80-talet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har allereie vore samla til ei mimre- og planleggingsstund der mengder av låtar frå 70- og 80-talet vart tekne fram til vurdering, og no har dei gjort eit spanande utval av gode, gamle songar, som både er oppbyggelege, gode å synga og lett gjenkjennelege for mange (og faktisk så finst dei fleste av dei på Spotify!).

Bandet og forsongarane er i ferd med å starta opp med øvingar, og dei gler seg til å setja denne planen ut i livet. Så om du likar å synga, og gjerne skulle ha sunge meir av songane frå ungdomstida som ein ikkje høyrer så ofte lenger - kom til kyrkja denne kvelden, bli med og stem i lovsong for vår Gud. Etter gospelnighten vert det kyrkjekaffi i Tunet.

Aasmund Brekke

Initiativtakar til gospelnight

Os kyrkjelyd

Inger-Johanne Haugland

Frivilligkoordinator