I dag var dei nok spelarar til to lag. I morgon håpar initiativtakar Espen Engevik at dobbelt så mange dukka opp. - Det hadde vore kjekt å kunne laga hockey-cup, seier han.
I dag var dei nok spelarar til to lag. I morgon håpar initiativtakar Espen Engevik at dobbelt så mange dukka opp. - Det hadde vore kjekt å kunne laga hockey-cup, seier han.

Inviterer til hockey-cup

Fire timar med hockey gav meirsmak. I morgon vil denne gjengen laga hockey-cup på Ulvenvatnet.

- Det er ikkje så ofte at me får skikkeleg is på vatnet her i Os. Me må nytta høvet når forholda er så gode som dei er, seier initiativtakar, Espen Engevik (30).

Det er rett nok lenge sidan han stod på skeiser, men han seier at aldri før har opplevd ein så glatt og fin bane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Banen er betre enn på Slåtthaug isbane etter at "isbilen" har preppa banen. Fantastiske forhold, seier Engevik.

Skal snikra heimelaga mål

I går kveld annonserte Engevik på Facebook at han skulle børsta støvet av dei gamle skeisene sine, og oppmoda andre til å gjera det same.

- I dag hadde me det kjempekjekt. Det var mange som hadde sett meldinga på Facebook, og nokre av dei dukka opp. I tillegg kom det andre bort og spurte om dei fekk vera med, seier Engevik.

Djupt konsentrerte hockey-spelarar.
Djupt konsentrerte hockey-spelarar.
Espen Engevik fortel at han ikkje har opplevd makan til is-kvalitet. - Isen er heilt glatt. Fantastiske forhold, seier han.
Espen Engevik fortel at han ikkje har opplevd makan til is-kvalitet. - Isen er heilt glatt. Fantastiske forhold, seier han.

- To av Matre-gutane, som var med og spelte, sa at dei skulle rett på verkstaden etter at me var ferdige, for å laga mål til morgondagen. Me har også sprayboksar til å merka baner.

Skuldra ut av ledd

Laurdag kveld, etter fire timar med hockey, kjenner Engevik det godt på kroppen.

- Eg stod ofte på skeiser då eg var ung, men no er det minst fire år sidan eg stod sist. Eg er stiv og støl, og i tillegg tryna eg saftig på slutten, og fekk skuldra ut av ledd. Heldigvis fekk eg ho raskt tilbake på plass, seier Engevik og smiler.

- Eg er klar til i morgon, legg han til.

Tek omsyn til store og små

I dag var det både ungdomar og vaksne i sving. Engevik fortel at alle som vil kan få vera med.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me tek omsyn til både store og små. Eg oppmodar alle som vil til å stilla opp. Me startar i 12-13-tida, som i dag. Alt ein må ha med er skeiser og hockeykølle, i tillegg til godt med drikke. Me spelar i Moberg-enda av Ulvenvatnet, seier Engevik.