Gåsakilen er det einaste vatnet i Os som har fått trygg is-skilt.
Gåsakilen er det einaste vatnet i Os som har fått trygg is-skilt.

– Iskvaliteten er ei utfordring

Det er berre eitt vatn i Os som har trygg is. Fredag vil brannvesenet ta seg ein ny runde for å måla isen, som på fleire av vatna ikkje er av god kvalitet.

– Det er ei utfordring med isen. Kvaliteten er variabel. Det har frose, før det har kome snø, og så har det frose igjen. Isen ligg lagvis i staden for å vera gjennomfrose frå botn til topp, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Vatnet som har fått Trygg is-skiltet er Gåsakilen. På Gåsakilen er det den sørlege delen av vatnet som er trygg. Tarmen som ligg mot nord er ikkje trygg, og grensa er markert med granbar. Publikum vert også oppfordra til å halda seg unna kvistane mellom land og vatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny måling fredag

Gitle Smaadal i Os brannvesen var ute tysdag for å måla isen på fleire vatn i Os. Han seier det same som Gjøsund om kvaliteten.

– Det er dårleg kvalitet på isen, og han sprekk i ulike lag, seier han.

Det har vore nokre dagar med mange minusgrader, men dei fleste vatna var tysdag likevel eit godt stykke unna å møta krava om 15 cm is på 90 prosent av vatnet.

– Det er ikkje mange som nærmar seg. På dei fleste vatna er isen kring 10 centimeter tjukk. Vi tek sikte på å måla på ny på fredag, slik at folk forhåpentlegvis kan nytta fleire vatn til å stå på skøyter i helga. Då tek vi føre oss Lekvenvatnet, Ulvenvatnet nord og sør, Banktjørna og Gåsakilen.

Desse vatna er utrygge

Per 28. februar har desse vatna IKKJE trygg is:

•Lekvenvatnet

•Tveitavatnet ved skulen

•Banktjørno

Artikkelen held fram under annonsen.

•Langavatnet på Drange

•Strønevatnet

•Ulvenvatnet nord

•Ulvenvatnet sør