Opningsdagen nærmar seg med stormskritt. Gründer Roger Johannessen gler seg til å opna dørene.
Opningsdagen nærmar seg med stormskritt. Gründer Roger Johannessen gler seg til å opna dørene.

iSushi opnar 1. mars

Det nærmar seg opning for iSushi Os. Me serverer gründer Roger Johannessens visjonar og planar for restauranten.

Johannessen har registrert at osingar er ivrige og spente på at iSushi skal opna dørene. Det synest han berre er kjekt.

- Då eg var i Os for ei stund sidan for å jobba med lokale, var eg på ein restaurant i Os for å eta. Bak meg sat to jenter, og eg høyrde at ho eine sa at ho gleda seg sånn til iSushi skulle opna. Klart det er kjekt å høyra, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samstundes beklagar han at osingane har måtta venta litt lengre enn først skissert.

- Det er travle dagar. Me skal opna franchise i Haugesund i mars også. Det blir den første av fem franchisar i Rogaland og Vest-Agder, seier han, og legg til:

- Det skal ikkje gå utover framdrifta i Os. De har venta lenge nok. Me har gira monaleg opp for å få til opning innan to månader.

I går var det fullt kjør på det som etter kvart skal bli storkjøkenet til iSushi.
I går var det fullt kjør på det som etter kvart skal bli storkjøkenet til iSushi.
Roger Johannessen meiner det er lite som slår Os hamn i strålande sol. - Eg er ikkje framand for å flytta til Os. Det har faktisk blitt diskutert i heimen, seier han.
Roger Johannessen meiner det er lite som slår Os hamn i strålande sol. - Eg er ikkje framand for å flytta til Os. Det har faktisk blitt diskutert i heimen, seier han.
Det er ein del som står att, men no seier gründeren at alt skal vera klart til 1. mars.
Det er ein del som står att, men no seier gründeren at alt skal vera klart til 1. mars.

Real overhaling

«Os og Fusaposten» fekk onsdag eit eksklusivt innblikk i korleis gründeren har tenkt å bruka det 350 kvm store lokale.

- Først og fremst så får fasaden ei real overhaling. Me skal opna opp med ei stor skyvedør som strekkjer seg over store delar av fronten av restauranten. På sikt er planen at busken som er utanfor skal vekk, og det kjem utandørs sitjeplassar kor ein kan nyta utepils med utsikt ut mot den fantastiske Os-hamna. På godvêrsdagar som i dag, finst det nok ikkje mange stader i Noreg kor utsikta er så fin som her, seier han.

Skryter av Joagruppen

Kostnadene med oppussinga av fasaden, er det eigarane av bygget som tek seg av.

- Eg må få skryta av Joagruppen, som eig dette bygget. Dei ønskjer å laga ein fantastisk inngang til Os sentrum, akkurat som me også vil. Både me og osingar er heldige, då Joagruppen ikkje er redde for å spytta inn pengar for å nå det målet.

Han er også glad for godt samarbeid med kommunen, med sakshandsamarar som heller jobbar med enn i mot.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det me ønskjer å få til er eit mini-mini Karl Johan, smiler Johannessen.

Adskilt salong

Når ein kjem inn dørene, vil ein få "familie-seksjonen" på høgre side, rett ved der kokkane kjem til å laga til sushi. I bakenden av lokale kjem det eit storkjøkken.

- Dette er den klart dyraste franchisen me har opna. Fem gonger så dyr som dei andre, minst, smiler Johannessen.

Til venstre når ein kjem inn, kjem området som er tiltenkt dei som er litt færre enn ein stor familie, og dei som gjerne berre er innom for ein kjapp lunsj. Seksjonen heilt innerst til venstre, hjørnevindauget mot sentrum, vil bli litt adskilt frå resten.

- Her kjem det ein glassvegg, for å skjerma for støy, og litt dempa belysning med litt "kul stil". Det blir ein lounge, som eg ser føre meg at kan brukast til møteverksemd. Med prosjektor montert, opnar det òg for at me kanskje kan visa nokre fotballkampar, seier Johannessen.

Med mål om å treffa breitt

Då me først trefte Johannessen onsdag, var han litt usikker på om han skulle opna i starten av mars, eller i starten av april. Men etter kvart som praten gjekk bestemte han seg. Det blir 1. mars.

- Det skal me få til. No har folk venta lenge nok. Me kan ikkje utsetja lengre, seier han.

Det er ein grunn til at han har valt å dela inn restauranten i fleire delar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg må innrømma at det er gjort slik for at me skal ha fleire bein å stå på. Me ønskjer å treffa breitt, seier han.

Han har tidlegare vore litt vag på korleis han ser føre seg at det endelege resultatet blir.

- Det er fordi me ikkje ønskjer å skremma vekk nokon. Som eg har sagt tidlegare, så skal me ikkje vera "puben på hjørnet", men det skal vera mogleg å koma innom og ta seg ein pils, gjerne litt sushi eller annet til ein fotballkamp. Me vil vera interessante for alle, der hovudfokuset er å servera god mat og gje kundane ei behageleg oppleving, men me må ha moglegheit til litt utvida aktivitet inne i "lounge-området", som er blikkfanget mot sentrum, seier Johannessen.

Forlenging av brygga?

Joagruppen har også spanande planar for området kring restauranten.

- Rykta seier at dei vil forlengja brygga vidare under brua og forbi bygget, samt laga til grønt-område utanfor. Me håpar sjølvsagt at det går i orden, men dette kan ikkje eg stadfesta. Det må dei nesten seia noko om sjølv. Me håpar sjølvsagt det går i orden, seier han og held fram:

- Eg er som sagt fascinert av den idylliske hamna. Eg er ikkje framand for å flytta til Os. Det har faktisk blitt snakka om i heimen tidlegare, seier han og smiler.