Koronavaksine: AstraZeneca er framleis på pause, men helsepersonell får no tilbod om dose to frå Biontech/Pfizer.

Jobbar du i helsevesenet og fekk AstraZeneca som fyrste dose?

Då får du tilbod om BioNtech/Pfizer-vaksinen som andre dose.

Den andre dosen vil bli gitt 12 veker etter den første vaksinedosen.

Dersom du fekk første dose i veke 8, betyr dette at du vil få andre dose i veke 20. Dersom du fekk første dose i veke 9, vil du få andre dose i veke 21, og så vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen sender deg innkalling på SMS. Du treng ikkje gjera noko.