Katrine Heggland og Laila Moberg trur ikkje det må andre kostar til, men fleire. Får dei det som dei ønskjer vert det ein ny stor sentrumsforening med Os kommune på laget.
Katrine Heggland og Laila Moberg trur ikkje det må andre kostar til, men fleire. Får dei det som dei ønskjer vert det ein ny stor sentrumsforening med Os kommune på laget.

Jobbar for ny, sterkare sentrumsforeining

Kathrine Heggland og Laila Moberg trur den nye sentrumsforeininga vert sterkare med Os kommune på laget.

Tidleg i vår tok Os Sentrumsforeining kontakt med Os kommune for å høyra om moglegheita for å utvikla ein sterkare organisasjon for Os sentrum.

Prosessen er no i gang og målet er å samla alle innan næring, handel, service, aktivitet og andre tilbod i ei ny foreining..

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har hatt ein workshop der me har sett på mogleg organisering av og form på samarbeidet. Det som me begge partar er samde om at er at me må få flest mogleg bedrifter med på laget. Os Sentrumsforeining, slik den var med kring 30 medlemer, vart etter kvart for liten, konstaterer Kathrine og Laila.

Kostar golvet

Dei to er over seg av begeistring for opprustinga av Bydraget. Dei føler det nye "stovegolvet" også markerer ein ny start for Os sentrum.

- Det blir så flott her. No handlar det berre om å slå saman alle dei gode kreftene, slik at me kan vera fleire om dei store sentrumsarrangementa i framtida, seier sentrumsforeining-jentene.

Det første som går av stabelen etter at opprustinga tok til, er marknadsdagane, som startar neste torsdag.

- Det gler me oss veldig til. No veit me jo ikkje heilt kor langt desse granitt-leggjarane er komne til den tid, men me får no kosta det som er lagt, og gjera det som fint som mogleg til det arrangementet, seier Kathrine og Laila.

Stort potensiale

Os Sentrumsforeining har kring 30 medlemer. I høve til potensialet er dette et veldig lågt tal.

- Potensialet for ei ny og sterkare foreining er enormt. Vårt første mål må vera å få så mange som mogleg med. Det er trass alt over 100 bedrifter lokalisert i og like ved Os sentrum, seier Kathrine.

Laila legg til at det også er eit ønske om å få huseigarane med på laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Slik det var dei siste åra kunne me ikkje halda fram. Me var rett og slett for få medlemer, både med tanke på å få inn midlar etter omsetningsbasett kontingent og til å fordela dugnadsarbeidet på. Med Os kommune og fleire andre aktørar på laget håpar me å få ressursar nok til å gjennomføra alle dei positive tiltaka og arrangements me ønskjer å ha her i sentrum, seier Laila.

Opp i formannskapet

På workshop-samlinga vart det diskutert korleis ei ny sentrumsforeining skal organiserast, og kven som skal leia organisasjonen. Kommunen har på si side tenkt at den nye næringssjefen i Os, Daniel Skotheim, bør ha ei sentral rolle i det heile.

I formannskapsmøtet tysdag 20. juni vert det diskutert om kommunen skal medverka i ein ny sentrums-organisasjon. Kathrine og Laila håpar sterkt på det.

- Me føler verkeleg at det vil gje oss eit løft å få kommunen med på laget. Me krysser fingrane og håpar formannskapet støtter denne saka, seier dei to.