Rektor på Os gymnas Trond Eikeland, seier at dei passar på elevar som er på veg over fråværs-grensa. (Arkivfoto)
Rektor på Os gymnas Trond Eikeland, seier at dei passar på elevar som er på veg over fråværs-grensa. (Arkivfoto)

Jublar for resultat av ny regel

Fråværet i dei vidaregåande skulane i Os og Fusa har gått drastisk ned etter at den nye fråværsregelen tredde i kraft i haust.

- Klart det er mindre fråvær, svarar rektor ved Os gymnas, Trond Eikeland, då Os & Fusaposten spør om dei kan spora effekt av den nye fråværsregelen.

23. juni i fjor vedtok Kunnskapsdepartementet ei ny fråværsordning for vidaregåande skular. Det er no ei grense på kor mykje elevane kan vera borte i eit fag utan gyldig grunn. Hausten 2017 blei regelen teken i bruk. Om ein elev har meir enn ti prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil vedkomande som hovudregel ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget. Læraren kan heller ikkje setja slike karakterar. Fråværet gjeld timefråvær i enkelt fag, ikkje det totale fråværet til eleven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire fulle klasser

Rektor Eikeland seier at ti prosent-grensa er rettferdig, og meir enn nok.

- Vi passar på, og kallar inn til samtalar om det er elevar som er på veg over grensa. Dokumentert fråvær med legeerklæring er gyldig fråvær og kan trekkjast frå, seier Eikeland og held fram:

- Vi hadde ein god del meir fråvær før denne regelen kom, og merkar heilt klart effekten. Vi merker at elevane er meir tilstades, og det er mindre skulk. Elevane søkjer også meir sjølvstendig studiearbeid.

- Vi tok ei grov opprekning på haustn,og den viste stor effekt av regelen, seier rektor på Os vidaregåande skule, Johan Henrik Lassen. (Arkivfoto)
- Vi tok ei grov opprekning på haustn,og den viste stor effekt av regelen, seier rektor på Os vidaregåande skule, Johan Henrik Lassen. (Arkivfoto)
- Det er mindre skulk og udokumentert fråvær, seier rektor på Fusa vidaregåande skule, Tor Johannes Hjertnes. (Arkivfoto)
- Det er mindre skulk og udokumentert fråvær, seier rektor på Fusa vidaregåande skule, Tor Johannes Hjertnes. (Arkivfoto)

Snart skal Os Fotball på treningsleir. Der er det fleire gymnasister som skal vera med.

- Vi jobbar med å laga til løysingar for å hjelpa elevane. Dei som skal til Kypros på treningsleir, får innvilga sjølvstendig studiearbeid. Dei får med seg skulearbeid som dei må levera inn når dei kjem attende. Gjer dei jobben, får dei ikkje fråvær, seier Eikeland.

- Nesten halvvert

På Os vidaregåande skule møter elevane også oftare opp.

- Vi tok ei grov opprekning på hausten, og den viste stor effekt av regelen. Fråværet er nesten halvvert. Vi har ikkje teke nye målingar i seinare tid, men tilbakemeldingane frå lærarane er at det er fulle klasser, seier rektor Johan Henrik Lassen.

Rektor gler seg over at elevane kjem på skulen, men det gjer også at smittefaren aukar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Elevar som er sjuke kjem også på skulen. Det er fint at dei kjem, men samstundes kan dei smitta andre, seier Lassen.

Det er sjeldan at elevane på Os vidaregåande har udokumentert fråvær.

- Dei fleste dokumenterer at dei har gyldig grunn til å vera borte, seier Lassen og held fram:

- Per no er vi positive til regelen, i den forstand at elevane møter opp på skulen oftare enn tidlegare. Men vi veit ikkje om det fører til færre stryk, eller at fleire fullfører skulegangen.

Samstundes frykter ikkje Lassen høgare strykprosent.

- Studium har vist at dei som møter på skulen ofte klarer seg. Møter ein kvar dag og tek del i undervisinga, så klarer ein skulegangen, seier Lassen.

Mindre skulk

På andre siden av fjorden sit rektor Tor Johannes Hjertnes. Han kan som sine kollegaar i Os konstatera at færre har vore borte frå skulen så langt dette skuleåret.

- Fråværet er gått ned. Vi har prøvd å rekna litt på det, for å sjå om vi kunne finna prosentar. Vi kom fram til at fråværet er redusert med 25-30 prosent. Det er ein del som er borte på grunn av heilt legitime grunnar. Dei har vi framleis, men det er mindre skulk og udokumentert fråvær.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare fortel rektoren at dei har hatt relativt låge fråværstal på skulen.

- I fjor, før regelen kom, hadde vi 5,4 prosent fråvær. Talet kjem ein fram til ved å ta alle fråværsdagar totalt dividert på elevdagar totalt.

Skal vera rettferdig

Så langt kan ikkje Hjertnes sjå nokre direkte negative konsekvensar av den nye regelen, men han er spent på korleis det blir til sommaren, når dei skal handsama elever som ligg i grenseland for å kunna få vurdering.

- Der eleven har fråvær på mellom ti og 15 prosent, kan rektor og skulen gjera ei skjønsmessig vurdering av kor vidt han eller ho skal få karakter eller ikkje. Dette må handsamast på ein rettferdig og god måte, slik at det ikkje råker nokon som det ikkje skal råka. Alt i alt, har skulen hatt ei positiv oppleving av den nye regelen, seier Hjertnes.