Julevêret ser ikkje særleg oppløftande ut. På kvelden julaftan kan det frysa på, og bli vanskelege køyreforhold, ifølgje meteorologisk institutt.
Julevêret ser ikkje særleg oppløftande ut. På kvelden julaftan kan det frysa på, og bli vanskelege køyreforhold, ifølgje meteorologisk institutt.

Julevêret: – Det blir ikkje ein stille periode

Meteorologisk institutt har som venta ikkje positive meldingar å koma med om julevêret.

– Det ser ikkje så oppløftande ut. Det blir ikkje ein stille periode, sjølv om julaftan ikkje ser så verst ut, seier vakthavande meteorolog, Steinar Skare.

Mykje regn

Det har regna mykje onsdag morgon. Slik skal det ifølgje meteorologen halda fram ei lita stund til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kjem til å gå over i bygevêr seinare i dag når fronten har passert. Det vil også bli kjøligare, seier Skare.

Han legg til at det vil regna langs kysten, men at ein ikkje skal så langt inn i landet eller opp i høgda for å få kvit nedbør.

Det skal blesa litt torsdag, men mindre på fredag. Frå natt til laurdag og ut på laurdag ettermiddag skal det koma mykje regn.

– Det skal starta å regna fredag ettermiddag, og det aukar på natt til laurdag. Prognosen for Bergen viser at det skal koma 30–50 millimeter nedbør i form av regn frå natt til laurdag til laurdag ettermiddag kring klokka 18.

Ser betre ut på julaftan

Temperaturen fredag og ut på laurdagen skal liggja kring 8–9 grader, før han fell til kring fem grader. Det skal også blesa godt laurdag.

– Julaftan er nok mange opptekne av. Det er mogleg at det blir nærast vindstille på julaftan. Slik det ser ut no, kan nedbøren stoppa på ettermiddagen. På kvelden julaftan kan det frysa på, og det kan fort bli glatt. Om ikkje ein får snø på julaftan, så kan ein i alle fall få litt rim på første juledag, for då skal det vera kaldt. Det er meldt kring 0–2 grader.

Vêret vidare er det for tidleg å seia noko om, fortel Skare.