Lønar seg: Det lønar seg å abonnera på lokalavisa, i alle fall for Juni Færøy, som vann «festkorg» til vel 2.000 kroner ved å bli abonnent. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Juni vann konkurranse som ho ikkje visste at ho tok del i

Juni Færøy var ute i hagen onsdag då ho blei overraska med premien i Os & Fusaposten si trekning blant nye abonnentar.

I slutten av april starta ein kampanje i avisa. Nye abonnentar fekk 17 veker for 17 kroner. Det viste seg å vera eit attraktivt tilbod.

No er ein vinnar trekt. Det blei Juni Færøy.

– Eg var ikkje ein gong klar over at eg kunne vinna noko ved å bli abonnent, seier ho.

Spanande: Juni Færøy gledde seg til å sjå kva som var i korga. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Færøy var ute i hagen med borna då ho fekk overrekt premien av fungerande marknadsleiar i Os & Fusaposten, Ann Christin Nøss. Premien var ei «festkorg» med ulike produkt frå Osøyro Kolonial med ein verdi på kring 2.000 kroner.

– No gler eg meg veldig til å sjå kva som er oppi her, seier Juni og smiler.