Ein 70-åring i kajakk blei nesten påkøyrd av ein båt og kantra. Mannen blei liggjande i sjøen i 30 minutt med ein tørrdrakt som ikkje var tett, før han fekk hjelp.
Ein 70-åring i kajakk blei nesten påkøyrd av ein båt og kantra. Mannen blei liggjande i sjøen i 30 minutt med ein tørrdrakt som ikkje var tett, før han fekk hjelp.

Kald, våt og nedkjølt blei ein 70 år gamal kajakkpadlar henta opp frå sjøen

Det blei ein dramatisk ettermiddag for ein kajakkpadlar som kantra etter nesten å ha blitt påkøyrd av ein båt.

Helse og Os brann og redning rykte ut til Kvernevika på Strøno i ettermiddag. Klokka 14.50 fekk brannvesenet melding om ein 70 år gamal kajakkpadlar som nesten var blitt påkøyrd av ein annan båt.

– Hekksjøen frå båten gjorde at kajakken kantra og mannen hamna i sjøen, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen hadde tørrdrakt på seg, men drakta var ikkje heilt tett.

– Han blei liggjande i 30 minutt i fjorden før han blei plukka opp. Våt, kald og nedkjølt blei han teken hand om og køyrd til sjukehus, seier Gjøsund og legg til:

– Eg vil oppmoda båtførarar til å sjå seg godt om når ein er på sjøen og det er låg sol. Eg vil også oppmoda kajakkpadlarar om å sjekka at tørrdrakta er heil og utan lekkasjar. Det kan vera skilnaden på liv og død.