På Søre Neset, Halhjem og i Øyane vert dei tilrådd å koka vatnet i dag fredag 01. februar.
På Søre Neset, Halhjem og i Øyane vert dei tilrådd å koka vatnet i dag fredag 01. februar.

Kan måtta koka vatn i 24 timar

Os kommune tilrår bebuarar i området Halhjem, Søre Neset og Søre Øyane om å koka vatne i dag fredag.

– Dette er ein kokeanbefaling for drikkevatnet for områda Halhjem, Søre Øyane og Søre Neset. Av tryggleiksmessige årsaker må alt vatn til drikke, matlaging og tannpuss kokast frå klokka 10.00 av i dag, fredag 01. februar, lyd meldinga frå Os kommune fredag morgon.

Dei legg til følgjande:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er lei oss for ulempene dette gjev og jobbar så raskt me kan for å løysa problemet. Me kjem med ny varsling når problemet er løyst.

Grøftevatn i rørnettet

Årsaka til at kommunen kjem med kokevarsling er at det i samband med arbeid på Moberg kom grøftevatn inn i rørnettet for drikkevatn.

– Me jobbar med saka og vil ta vatnprøver etter kvart for å sjekka kvaliteten. I verste fall vil kokevarslinga gjelde i 24 timar fram om, seier Agnete Haugland på teknisk drift i Os kommune.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no