Risiko: Dersom det skulle oppstå ein brann, kan vi faktisk risikera å ha for lite vatn i høgdebassenga til å sløkkja brannen, seier avdelingsleiar for samferdsel og VA i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland.

– Kan risikera å ha for lite vatn til å sløkkja brannar

Kommunen bed folk «spara litt på vatnet».

Kommunen skriv på sine heimesider at folk bruker meir vatn enn dei bør i sommarvarmen.

- Vassbehandlingsanlegget vårt jobbar på maksimal kapasitet, men forbruket er så høgt om dagen at vi nesten ikkje greier å levera nok vatn. Forbruket går i taket når folk kjem heim om ettermiddagen, tappar i badebasseng, set på spreiarar og vatnar i hagen. Det er fullt forståeleg. Men dersom det skulle oppstå ein brann, kan vi faktisk risikera å ha for lite vatn i høgdebassenga til å sløkkja brannen, seier avdelingsleiar for samferdsel og VA i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland, på kommunen sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho gjev følgjande råd til innbyggjarane:

Ikkje bruk vatn unødvendig.

Reduser bruk av spreiarar, og ikkje la hageslangen liggja og renna.

Gå for gjenbruk av vatn: Bruk vatnet i plaskebassenget til å vatna planter og bed.