Ein fin gjeng med "Tårnagentar" deltek på gudstenesta.
Ein fin gjeng med "Tårnagentar" deltek på gudstenesta.

Karnevalsgudsteneste og familiemix

Sønsdag vert fastelavnssøndag feira med karnevalsgudsteneste i Eikelandsosen bedehus.

I morgon, søndag, er fusingar i alle aldrar velkommen til Eikelandsosen bedehus på gudsteneste.

Ordet fastelavn kjem frå det tyske ordet "fasseln" som betyr å laga moro, og ordet "fastenabend" som tyder kvelden før faste. Karneval er fest. Det blir glad musikk med soknebandet i spissen, andakt og god kyrkjekaffi der det mellom anna vert servert fastelavnsbollar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein fin gjeng med "Tårnagentar" skal også delta på gudstenesta. 7-8-åringane skal vera saman heile dagen og løysa ulike oppdrag som fortel oss meir om både trua og livet. Eit av oppdraga til tårnagentane, vert å vera jury for beste kostyme. Det betyr at det er lov til å kle seg ut. Det vert premie til både born og vaksne.

Fastelavn er "fest før faste". På oskeonsdag set fastetida inn. Fastetida er ei 40 dagar lang førebuingstid før påske. Å fasta er tradisjonelt knytt til å avstå frå mat, karneval tyder nettopp "kjøt farvel". Ikkje så mange fastar frå mat lenger, men tida før påske er likevel ei tid der me særskild blir minna om å retta fokuset vekk frå oss sjølv og mot andre, slik Jesus gjorde i møte med menneska i Israel då han gjekk kjærleikens veg til korset og døden. Vårt kall er å bringe hans kjærleik vidare. Fastar me frå noko, kanskje PC eller TV (?), kan kanskje tida nyttast til å hjelpa andre, besøkja nokre som er einsame, gje pengar til nokre som treng støtte?

På gudstenesta skal me i alle fall få høve til å gje ei gåve til Strømmestiftelsen sitt arbeid for å kjempa mot fattigdom. Stiftinga driv langsiktig utviklingsarbeid saman med lokale organisasjonar i Afrika, Asia og Sør-Amerika. Her hjelper stiftinga menneske til å skapa seg eit arbeid slik at dei kan klatra ut av fattigdomen, og klara seg sjølve.

Velkomen på gudsteneste.

Norunn Rød Markhus

Fusa Sokneråd