Kasta ølboks: Mannen i 20-åra oppførte seg lite triveleg fredag kveld.

Kasta ølboks på forbipasserande bil

Ein mann i 20-åra frå Os enda fredagskvelden i arresten.

Politiet fekk fredag kveld melding om ein ung mann som laga bråk i sentrum. Han skal mellom anna ha kasta ein ølboks på ein forbipasserande bil.

Det melde Vest Politidistrikt på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då politiet kom til staden, møtte dei ein kranglevoren og overstadig berusa mann. Han vart difor teken med i drukkenskapsarresten i Bergen.

Politiet har oppretta sak.