Politiet i Os har hatt litt av kvart å hanskast med i løpet av helga.
Politiet i Os har hatt litt av kvart å hanskast med i løpet av helga.

Kasta snøballar på biler i fart

– Dette har vore eit problem i det siste, fortel vakthavande politibetjent.

Det har vore travelt for politiet i natt med både festbråk, ogvanskelege gjester på ein utestad i Os. Det starta med ei melding klokka halv ti laurdag kveld. Då skal nokon ha kasta snøballar på forbipasserande biler.

– Meldinga kom frå Lysefjorden. Det skal ha skjedd i nærleiken av nærbutikken. Snøball-kasting på biler i farthar vore eit problem den siste tida, både i Lysefjorden og andre stader i Os. Diverre var politiet opptekne på eit anna oppdrag, og kunne ikkje reisa ut, fortel politiet.