Daniel Skotheim helste på delegasjonen medan dei kinesiske sekretærane knipsa i veg.
Daniel Skotheim helste på delegasjonen medan dei kinesiske sekretærane knipsa i veg.

Kinesarar vil læra av Os

I dag mottok næringssjef Daniel Skotheim ein delegasjon frå eit prefektur i Kina med 2,6 mill. innbyggjarar som var nysgjerrige på vesle Os.

Klokka 9.45 steig formann i kommunestyret i Ankang, Chen Yong, med følgje ut av bussen på Osøyro. Med seg hadde han helsesjefen, kultursjefen, og landbrukssjefen med fleire. Utanfor Os rådhus venta næringssjef Daniel Skotheim. Etter at alle var helst på i tur og orden, ønskte Daniel dei alle velkomne.

– The weather? It's okay, sa Skotheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig vakkert her, sa Yong via ein tolk som omsette alt til engelsk.

Får læra om Os

I løpet av føremiddagen skal dei få høyra om alt Os kommune driv på med og er stolte av, frå Oselvar-tradisjonen til Lyseparken. Etter foredrag vankar det ein betre lunsj på Oseana.

– Eg gler meg til å fortelja om oss, og dei prosjekta me driv på med, men eg har også lyst å læra frå dei.

– Kanskje det finst næringsrelaterte samarbeidsprosjekt me kan ha saman, og kanskje spesielt turisme, seier Skotheim.

Gjestelista

1. Chen Yong, chairman of Ankang Municipal Political Consultative Conference, Shaanxi Province

2. Guo Delin, Chief of Ankang Municipal Health Bureau, Shaanxi Province

3. Yang Haibo, Chief of Ankang Municipal Bureau of Culture

4. Liao Kunbo, Chief of Ankang Municipal Bureau of Land and Resources

Artikkelen held fram under annonsen.

5. Wang Lin, Deputy Secretary of The CPC Party Working Committee of Ankang Municipal Gaoxin District

6. Ru Fuyi, President of Ankang Centre Hospital

I tillegg var det eit par sekretærar og ein tolk med.

ol@osogfusa.no