Kjellarar under vatn

På grunn av mykje regn og dårleg drenering fekk to hus i Myrvollen på Os kjellarane fylt med vatn i natt.

- Den eine huset hadde 15 centimeter med vatn i heile underetasjen, det andre ti centimeter med vatn, opplyser brannsjef Stein Gjøsund.

Vaktlaget hans var på jobb i husa frå klokka halv tre i natt til klokka halv fem. Då tok eit skadesaneringsfirma over.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det første vi gjorde var å pumpa ut vatnet frå begge husa. Deretter var vi inne med vassugarar, fortel han.

Gjøsund seier at det er store skadar på husa.

- Alt er vått. Isolasjon og alt må tørkast. Det er ein stor jobb, opplyser han.

Årsaka til vassinntrenginga er ifølgje brannsjefen mykje nedbør kombinert med dårleg drenering.

- Det er problem med dreneringa ved riksvegen. Slik eg har forstått det skal det ein entreprenør opp der på måndag og sjå om ein kan få gjort noko med problemet.

Bålbrenning i mørket

Fredag ettermiddag rykte Os brannvesen ut til noko som kunne sjå ut som ein brann. Hendinga fann stad like etter at det var blitt mørkt, og flammane vart observerte på lang avstand.

- Det viste seg at det var ein kar som brente pappkartongar, fortel Gjøsund.

Brannsjefen presiserer at denne typen avfall skal leverast inn, ikkje brennast. Det er heller ikkje spesielt lurt å gjera opp ild etter at det har blitt mørkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kan skapa frykt, og føra til at ein vert bøtelagt av politiet, opplyser Gjøsund.