Korleis blir folk eigentleg smitta av koronaviruset? Ny undersøking kan gi svar.

Kjempeoppslutnad om undersøking om smittevegar

Sidan fredag kveld har over 80.000 svart på ei ny undersøking som skal kartleggja smittevegane til koronaviruset.

– Det er heilt overveldande. Folk har verkeleg stilt opp, det er utruleg flott, seier infeksjonslege og forskar Arne Søraas ved avdeling for mikrobiologi på Oslo universitetssjukehus (OUS) til NTB.

Undersøkinga består av eit digitalt spørjeskjema der ei rekkje forhold som handvask, reising og handlevanar blir kartlagde. Føremålet er å samanlikna vanane til folk med og utan koronasmitte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette kan gi oss eit veldig godt grunnlag til å finna ut kva vanar folk har som har gjort at dei har vorte smitta. Vi veit eigentleg ikkje så mykje om smittevegane. Men dette er heilt grunnleggjande, påpeikar han.

Allereie denne veka vil dei første svara liggje føre.

– Dette kan bidra til ei betre tilpassing av dei ulike tiltaka, meiner Søraas.

Ei avgrensing er likevel at det førebels er få nordmenn som er smitta av koronaviruset. Søraas oppmodar derfor alle som har fått påvist smitte, eller som har vorte testa, til å delta.

Les også
Ny app skal finna ut kven smitta har vore saman med

Om eit par veker skal undersøkinga følgjast opp av ei ny, der føremålet er å sjekka kven som har vorte smitta sidan sist.

– Det kan gi oss endå betre svar på smittevegane, seier Søraas.