Kjensler: Det vart mykje kjensler då Tetiana Romaniuk song opp på den uktainske nasjonalsongen «Sjtsje ne vmerla Ukraina».

Kjensleladd markering: Då nasjonalsongen kom, kom også tårene

— Det er rart å stå her igjen eitt år etter eittårsmarkeringa, men me må ikkje gje opp håpet, sa Julia Tveit til broderfolket sitt laurdag.

Kring 200 ukrainarar og fleire norske støttespelarar deltok laurdag i toårsmarkeringa av Russlands fullskala-invasjon av Ukraina. Markeringa var kraftig og sterk, men det vart også sårt og hjarteskjerande for mange av dei frammøtte som har sine kjære att i moderlandet.

Anført av nyvald leiar i Den Ukrainske Forening, Pavlo Nevidnychyy, marsjerte dei taktfast frå Kløvertun, gjennom Brugata og bort til Vognhallen. Heile vegen med høge, stolte rop til ære for sitt kjære heimland.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me ærer Ukraina. Ropa mine betyr «Ære til Ukraina», forklarer Nevidnychyy med roperten i handa.

Kjempar: Pavlo Nevidnychyy gjorde det klart at dei ukrainske soldatane ikkje berre kjempar for Ukraina, men for heile den sivile verda.

Kjempar for heile den sivile verda

41-åringen frå Nore Neset overtok leiarvervet i foreininga etter Julia Tveit i november i fjor haust. Begge hadde ei sentral rolle i markeringa i Vognhallen laurdag ettermiddag.

— Det er utruleg viktig at me markerer denne dagen. Det er to år sidan Russland omsynslaust invaderte moderlandet vårt. Det var ein fullskala invasjon, og etter det har me opplevd utruleg mykje sorg og smerte, sa Nevidnychyy i forkant av markeringa.

Vel framme i Vognhallen spelte Søre Neset Musikklag opp før leiaren tok ordet frå scenen.

— Me er her i dag for å visa solidaritet med folket vårt, med dei som framleis er igjen i heimlandet vårt og opplever den brutale krigen på nært hald, og ikkje minst med soldatane som kjemper for å beskytta landet vårt og resten av den sivile verda, sa Nevidnychyy til stor applaus frå dei frammøtte.

Deretter overlét han scenen til Tetiana Romaniuk. Ho song Ukrainas nasjonalsong. Då kom tårene.

Dei frammøtte heldt godt rundt kvarandre, song med handa på hjartet og kjente nok fellesskapet og saknet av dei heime ekstra godt nett då.

Takka: Julia Tveit takka det norske folk og folk i Bjørnafjorden for støtte og hjartevarme.

Eineståande vilje

Julia Tveit stod godt saman med sine landskvinner og menn under nasjonalsongen. Etterpå var det hennar tur til å tala frå scenen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg synest det er så rart å tenkja på at det er eitt år sidan me var her og markerte at det var gått eitt år sidan invasjonen. Eg hugsar me gjekk saman gjennom sentrum då også, og hadde med oss dåverande ordførar Trine Lindborg. No står me her altså eitt år etter. Dessverre er situasjonen like alvorleg i heimlandet vårt, konstaterte Tveit.

Ho starta med å prata på norsk, og tok deretter talen om att på ukrainsk.

— Det er forferdeleg at folkemordet kan halda fram. Det er ein brutal invasjon, men me må ikkje mista håpet. Folket vårt har vist ei enorm vilje til å stå imot og me kjem ikkje til å gje oss. Likevel kan me ikkje ignorera den smerta og dei tapa me ser til dagen. Det er forferdeleg. Det me kan gjera herifrå, er å visa støtte, gje varme til kvarandre og kjærleik. Eg må samstundes få takka det norske folk. Dei har vore fantastisk og teke imot oss på ein god måte. Me er veldig takksame, sa Tveit.

Deretter spelte Søre Neset Musikklag opp att, før det var tid for kaffi, ein kakebit og prat.

— Me samlar også inn pengar. Støtta må halda fram. Det er viktig, slår Nevidnychyy fast.