Klar, ferdig, røyst!
Haustens stortingsval er snaut fire veker unna. Har du allereie bestemt deg for kva parti som har dei beste verdiane, er det fritt fram for å førehandsrøyta.
I perioden 10. august til 8. september kan alle som ønskjer førehandsrøysta. På valdagen 11. september, er det berre mogleg å røysta i heimkommunen, så dersom du er bortreist, må du sørgja for å gjera borgarplikta di innan 8. september.
Det er mogleg å førehandsrøysta i Noreg, i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen. Før valdagen spelar det dessutan ingen rolle om du vel å bruka røysteretten din i Tromsø, på Os, i Fusa eller i Arendal.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Du kan røysta i kva kommune som helst, anten i Noreg eller i utlandet, heiter det på nettsidene til Fusa kommune.
På nettsida vert det òg opplyst om at Kommunetunet i Eikelandsosen har utvida opningstider torsdag 31. august, laurdag 2. september, onsdag 6. september og torsdag 7. september i samband med førehandsrøystinga.
– Hugs legitimasjon
Dersom du, av di du er sjuk eller ufør, ikkje har høve til å røysta på vanleg vis, kan du søkja om å få røysta heime. Søknaden må i så tilfelle vera Fusa valstyre i hende innan onsdag 6. september.
– I søknaden må du mellom anna opplysa om kvifor du ikkje kan møta i vallokalet, går det fram av nettsida til Fusa kommune.
Det er òg mogleg å førehandsrøysta på insitusjonane i Fusa. Dette gjeld både bebuarar, personale og andre veljarar.
Når det gjeld sametingsvalet, er du, dersom kommunen du bur i har færre enn 30 registrerte i Sametinget sitt valmantal, slik tilfellet er i Fusa, nøydd til å førehandsrøysta.
Det er sjølvsagt også mogleg å førehandsrøysta i nabokommunen Os. Til liks med Fusa, kan ein førehandsrøysta her fram til 8. september.
– Hugs legitimasjon. Det er også ønskjeleg med valkort, er oppmodinga frå valstyret.
Artikkelen held fram under annonsen.
camilla.kvamme@osogfusa.no