Klart for utbetring av Lepsøyvegen

I desember 2016 skal 1,2 kilometer med fortau stå klart langs ein oppgradert Lepsøyveg. No er arbeidet så smått i gang.

Fylkesveg 158 Lepsøyvegen skal utbetrast, og om få veker vil vegen bli stengd for gjennomgangstrafikk i kortare periodar på grunn av sprenging. Ein må rekna med at vegen kan bli stengd i periodar på opp til 15 minu.

Arbeidet med rydding av skog langs vegen starta alt måndag 17. august, men dette har ikkje innverknad på trafikkmønsteret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utbetringstiltaket skal gjerast frå butikken/bakeriet på Grindavoll og fram til Vågshaugen, ei strekning på om lag 1,2 kilometer.

Det blir laga fortau langs eine sida, og vegen blir oppgradert. Os kommune melder at arbeidet truleg vil vera ferdig i desember 2016.