Mild og våt vinter: – Slik det ser ut akkurat i dag, ligg det an til å bli ein mild vinter fram til slutten av mars, seier klimaforsker Erik Kolstad.

Klimaforskar spår ein mild vinter i Noreg

Vêrvarselet framover tyder på ein mild og våt vinter fram til slutten av mars, ifølgje klimaforskar Erik Kolstad.

– Både langtidsvarselet, vanleg vêrvarsel og sesongvarselet peikar i den retninga. Slik det ser ut akkurat i dag, ligg det an til å bli ein mild vinter fram til slutten av mars, seier Kolstad til NRK.

Han er klimaforskar ved Norce og Bjerknessenteret for klimaforsking ved UiB.

Artikkelen held fram under annonsen.

På senteret samanliknar dei data frå sju ulike vêrvarslingsmodellar for å kunne tyde vêret langt fram i tid. Akkurat no tyder alle modellane på ein mild vinter.

– Men vi ser at modellane blir meir og meir usikre jo lenger fram i tid vi ser. Så sjølv om det i dag ser ut til å bli ein mild vinter, så kan det fort snu, seier Kolstad til NRK.

Han peikar på global oppvarming som ei årsak for at vintrane blir mildare i Noreg.

– Det er ganske sannsynleg, eg vil seie nesten sikkert, at vi går i retning av mildare vintrar. Vi har hatt milde vintrar her dei siste ti åra, men endå mildare skal det bli, seier han.

(©NPK)