Os og Fusa skal bada i sol i helga.
Os og Fusa skal bada i sol i helga.

Knallhelg i vente

Det er meldt om sommarleg temperatur i helga. – Det blir godt og varmt, seier meteorologikonsulent, Linda Kleppe.

Kleppe seier vidare at det berre er til å koma seg ut og nyta varmen, for alt neste veke kan det bli kaldare igjen.

– I midten av neste veke, ser det ut til å bli meir kjølig, og det kan koma inn litt nedbør. Men det er så pass langt fram at det er vanskeleg å seia, seier Kleppe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det einaste som legg ein dempar på sommarstemninga i helga, er eventuelle tåkeskyer.

– Det kan koma tåkeskyer i kyststrøka, men vi er komne så langt ut på året at sjansen er stor for at sola tek hand om det.

Vi skal ikkje gå langt tilbake i tid for å finna sist det snødde og sludda i Os og Fusa.

Slik blir vêret den neste veka i Os.
Slik blir vêret den neste veka i Os.
Slik blir vêret i Fusa den neste veka.
Slik blir vêret i Fusa den neste veka.

– Det var vel sist helg, det, seier Kleppe.

– Ser det ut til at vêret kan slå om, og vi kan få nok ein slik periode?

– Eg har ikkje sett lengre fram enn langtidsprognosane viser. Men vi har jo opplevd at det har snødd på 17. mai tidlegare, så heilt trygge kan vi ikkje vera, seier Kleppe.

Varmt og godt

Ifølgje yr.no skal det vera 19 grader i Os fredag. Laurdag er det meldt 18 grader og full sol, medan det blir litt kaldare, 16 grader søndag, men framleis skyfri himmel. Storm.no melder om 17, 16 og 15 grader på det meste dei same dagane.

Endå varmare skal det bli i Eikelandsosen, i følgje dei som kan dette med ver. Yr melder om full sol i Fusa heile helga, med 19 grader fredag, 21 grader laurdag og 19 grader søndag. Storm melder om litt skyer fredag med 15 grader. Full sol og 20 grader laurdag, og skyfri himmel og 19 grader søndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Benjamin Søgnen Olsen