Køane hopar seg opp: — På tide å gje beskjed
– Me vil ikkje sitja stille og akseptera. No er det er på tide å gje beskjed.
Pendlarar mellom Hatvik og Venjaneset er frustrerte over å sjå at ferja legg frå kai utan at dei får vera med. Å stå att på kaien har vore eit dagleg scenario på den travle ferjestrekninga det siste året.
– I går kom det bilar 20 minutt før avgang som vart ståande att på kaien, fortel ein oppgitt Thomas Rotnes.
Han jobbar hos Framo Fusa og har måtte tilpassa arbeidskvardagen for å sikra seg plass på ferja både før og etter jobb.
– Den veka eg har ungane, kan eg ikkje jobba full veke fordi eg må gå tidlegare og tidlegare frå jobb for å få plass på 16.10-avgangen frå Venjaneset. Mister eg den, rekk eg ikkje å henta ungane i barnehagen før tidsfristen, fortel Rotnes.
Det er i tillegg eit problem å koma seg ned til pendlarparkeringa på Hatvik-sida fordi køen står oppover Hatvikvegen slik at ein ikkje kjem seg ned til sjølve parkeringa.
– Ikkje berre eit problem i «rushtida»
Om det er innstilte avgangar eller forseinkingar på ferjesambandet, kan det fort bli kaotisk på kaien. Torsdag skal det ha stått att bilar på kaiane på fleire av avgangane.
Viss du må stå over ein avgang, tek det 40 minutt før du kjem med på neste tur. Spesielt 14.50-avgangen frå Venjaneset har liten kapasitet.
– Då er det tre bussar som skal over til Os, så plassen til personbilar er avgrensa. Eine dagen gjekk eg ekstra tidleg for å få betre tid med jenta mi på bursdagen hennar, men kva skjedde? Eg måtte stå att på kaien og sjå ferja leggja frå kai, fortel Rotnes.
Han er spent på kva som skjer når Lærdalstunnelen vert stengd i 12 timar om dagen i to år framover.
– Eg er redd for at ein del av trafikken derifrå kjem til å bli ei ekstra belastning på ferjesambandet, fortel han.
– Stel av fritida vår
– Ventetida stel mykje av fritida vår som me kunne ha nytta til heilt andre ting, konstaterer Rotnes.
At det no nærmar seg turistsesong der turbussane vil rulla inn på ferjen, vil truleg belasta sambandet ytterlegare.
– Eg tør nesten ikkje tenkja på kva som ventar då, fortel Rotnes frustrert.
Han håpar at større kapasitet på ferjene eller to ferjer på strekninga kan vera ei løysing for å få bukt med problemet.
Rotnes påpeikar at ferja opphavleg hadde fire rader, men at dette er redusert til «berre» tre radar.
– Kapasiteten har blitt eit samfunnsproblem. Eg skjønar at ein er kontraktfesta til ein avtale med operatøren, men dette er noko eg meiner må bli tatt tak i no, seier Rotnes.
Det er Fjord1 som er operatør for strekninga, medan det er Skyss som er oppdragsgjevar på ferjesambandet Hatvik-Venjaneset.