Jobbar på staden: Det vert jobba på for at dei som er råka skal få vatn tilbake i springen.

Kokevarsel er sendt ut til 342 personar

Det kan ta nokre timar før vatnet er attende etter vassleidningsbrotet i Holdhus-området.

Teknisk vakt opplyser tysdag ettermiddag at det blir jobba med vassledningsbrotet, og at det kan ta litt tid før vatnet kjem attende hos dei som manglar det. Det er også send ut kokevarsel.

– Vi har send ut kokevarsel til 342 personar. Det er nokre som reagerer på at dei har fått kokevarsel når dei ikkje har vatn i springen. Men vi gjer det for å vera tidleg ute. Når vatnet kjem attende, må dei koka det, opplyser teknisk vakt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vassleidningsbrot: Det er i dette området av brotet skal ha skjedd.

Det kan gå nokre dagar med koking av vatn, før ein kan gå tilbake til normalen.

– Ved eit vassledningsbrot som dette må vi ta vassprøver og senda til laberatorium. Det er ikkje godt og seia kor lang tid det tar, om det går to eller tre dagar før ein kan få grønt lys. Dei som er råka av dette, vil få ei ny melding når vatnet er friskmeld, seier teknisk vakt.

Det var Klokka 13.43 at kommunen melde på heimeside si om eit akutt vassleidningsbrot i Holdhusområdet.

Vidare opplyste dei at det vert jobba med utbetring.