Mindre pengar: Mindre pengar skal brukast på store motorvegar framover.

Kollektivtrafikken får meir. Store motorvegprosjekt skal nedskalerast

Regjeringa gir 500 millionar til kollektivtrafikken for å omstilla og unngå kutt i år. Samtidig skal dei fremja forslag for å kutta i store vegprosjekt.

I revidert nasjonalbudsjett kjem det fram at pengane til kollektivtrafikken også skal leggja til rette for utvikling av nye løysingar.

Regjeringa skal også fremja forslag om korleis store motorvegprosjekt kan nedskalerast for å spara natur og matjord, og dessutan spara kostnader og gi rom for ei sterkare satsing på vedlikehald og oppgradering av eksisterande infrastruktur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naturvernforbundet meiner dagens avgjerd er eit steg i rett retning.

– Regjeringa og SV stakar med dette ut ein ny kurs for vegpolitikken, der store motorvegprosjekt skal nedskalerast til fordel for vedlikehald over heile landet. Det er stort, og vi er spente på fortsetjinga. Vegstyresmaktene bør lytta, og la vera å setja i gang naturøydeleggingar vi kjem til å angra på, seier Pernille Bonnevie Hansen, nestleiar i Naturvernforbundet.