Kommunen står på sitt og vil gje Bolaks AS dispensasjon til å utvida ved Skavhella. (Illustrasjonfoto)
Kommunen står på sitt og vil gje Bolaks AS dispensasjon til å utvida ved Skavhella. (Illustrasjonfoto)

Kommunen står fast på oppdrettsvedtak

Administrasjonen i Os kommune plukka oppdretts-klage frå Fylkesmannen frå kvarandre. No må nokon annan enn Lars Sponheim avgjera klagesaka.

I august i fjor gav Os kommune Bolaks dispensasjon til å utvida eit anlegg på Skavhella, som ligg mellom Hatvik og Lønningdal. Bolaks hadde behov for å skifta ut ringane i anlegget, og søkte om eit noko større anlegg på litt djupare vatn i same området. Dagens anlegg er på 45.000 m2, medan det nye ville bli på 80.000 m2. Utvidinga vil føra til at anlegget går utover arealet sett av til akvakultur i arealplanen, og kravde difor dispensasjon.

Første runde med Fylkesmannen

Men vedtaket frå Os kommune vart omgjort av Fylkesmannen, pga. grunnleggjande manglar. Blant anna hadde ikkje Fylkesmannen fått saka til uttale, og vurderingar knytt til naturmiljø mangla. Om ei utviding av anlegget kunne få konsekvensar for spreiing av sjukdommar og parasittar, om bruk av kjemikal og medisin ville påverka marint liv i området, var spørsmåla Fylkesmannen ønska å få belyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planavdelinga svarte at alle dei relevante offentlege instansane har gjeve si vurdering av Skavhella som oppdrettslokalitet når løyvet vart gjeve i 2004, og at ingenting tyder på at utvidinga vil føra til vesentleg endring. Det nye anlegget aukar nemleg ikkje biomassen i anlegget, men blir plassert på ein stad med djupare vatn og betre straumforhold, noko som vil telja positivt for miljøpåverknad.

Grønt lys frå Rådgivende Biologer

I november vart det likevel igangsett ei ny fagleg vurdering ved Rådgivende Biologer AS. Her vart det konkludert med at ei flytting og utviding av anlegget truleg ikkje vil føra til negative verknader for naturmiljøet. Dette grunngjeve med at talet fisk i anlegget vil vera det same. Større produksjonseiningar vil gje betre fiskevelferd og oksygenforhold, heitte det i rapporten. På bakgrunn av dette gav Os kommune på ny dispensasjon frå arealplanen.

Fylkesmannen klaga

I Fylkesmannen sin klage vart det igjen vist til at embetet ikkje fekk uttala seg om det nye faggrunnlaget som kommunen nytta for å gje dispensasjon. Vidare vart det vist til at eit endra anlegg vil måtta fortøyast i område sett av til FFNF i kommuneplanen (ferdsle, fiske, natur og friluftsområde). Dette vil hindra ålmenta sin bruk av området.

Av oppdrettstekniske spørsmål, hevdar Fylkesmannen at flyttinga av Skavhella-anlegget ikkje vil vera gunstig. Anlegget kjem nærare det djupaste partiet av Fusafjorden. "Det er normalt ikkje tilrådeleg å plassere oppdrettsanlegg over dei djupaste partia i ein terskelfjord. Her er det svakare vassutskifting og nedbrytings-prosessane går seinare.", skreiv Fylkesmannen. Det vart også hevda at det er mogleg å gje like god fiskevelferd utan å auka opp talet ringar, slik Bolaks ønskjer.

Plukka Fylkesmannen sitt svar frå kvarandre

Då Plan- og bygningsutvalet skulle behandla saka torsdag, var dette blant punkta administrasjonen blankt avviste i det saksførebuande dokumentet. Dei viste til forsking som seier at lusepåslaget aukar med tettleiken av laks i merdane, og at færre laks per ring difor er positivt for dyrevelferda. "Os kommune er forundra over at Fylkesmannen gjer eit poeng av dette", skriv administrasjonen i Os kommune. Og vidare: "Det er vanskeleg å sjå at Fylkesmannen sin argumentasjon er i tråd med nasjonalpolitiske føringar".

Om oppankring i FFNF-område, viser dei til at slik oppankring også finn stad i dag, utan at det er kome inn ein einaste klage på at dette er i konflikt med ålmenta sine behov. Slik gjekk administrasjonen mot Fylkesmannen sin klage punkt for punkt.

- Nedsalta pengar bør brukast på lukka anlegg

Politikarane meinte at administrasjonen svarte godt for seg. Terje Sperrevik (TvS) var den einaste som var mot å gje dispensasjon fordi ei slik avgjerd bør gjerast i lag med rulleringa av arealplanen. Arbeidarpartiet var på eit tidspunkt freista til å trekkja generelle argument mot fiskeoppdrett inn i diskusjonen.

- Eg skjønar ikkje kvifor oppdrettsnæringa ikkje kunne brukt pengane dei saltar ned til seg sjølve på heilt moderne anlegg. Då snakkar eg om lukka anlegg i sjø. Hardangerfjorden er frykteleg utsett, og mykje villfisk vert drepen. Det burde vore stilt krav om lukka anlegg i sjø når teknologien altså finst, sa Harald Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Departementet må oppnemna setjefylkesmann

Men Arbeidarpartiet tok seg raskt inn att, og orienterte seg mot saka som faktisk låg på bordet.

- Sjølv om eg tenkjer litt på om det neste blir at dei aukar fiskemengda i anlegget, så er det ikkje det som ligg i denne søknaden, og det er den me må halda oss til, sa Døsen.

Dermed gjekk saka til votering, og 8 mot 1 (TvS) røysta for å gje dispensasjon til Bolaks.

Fylkesmannen har varsla at han vil senda saka til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, slik at ei kan oppnemna ein setjefylkesmann som kan vurdera klagen.