Tysdag låg Kongeskipet Norge utanfor Skjørsand.

Kongeleg besøk på fjorden i dag

Kongen besøker Vestland fylke. Kongeskipet KS «Norge» vert nytta under delar av reisa.

Publisert

Kongen besøker Vestland fylke frå tysdag til torsdag denne veka. Under besøket skal han innom kommunane Etne, Samnanger, Vaksdal og Askvoll.

I føremiddag vart han teken imot på kaien i Etne før han besøkte Stødle kyrkje.

På turen i Vestland vert Kongeskipet Norge nytta under delar av reisa, og i kveld låg skipet utanfor Skjørsand.

I morgon, onsdag, skal han besøka Samnanger og Vaksdal kommunar. Her står besøk mellom anna på Bjørheim, Dale skule og Dale Fabrikker på programmet.

Torsdag går turen til Askvoll kommune, der kongen skal bli tatt imot i Bøparken, før turen går vidare til Askvoll Delikatesser. Deretter går turen etter planen vidare til rådhusplassen for folkefest.

Powered by Labrador CMS