Ragnar Selstad i Mecmar må dela plassen under Lepsøybrua med fiskeriinteresser og Samba AS. Naboskapet har ikkje alltid vore knirkefritt.
Ragnar Selstad i Mecmar må dela plassen under Lepsøybrua med fiskeriinteresser og Samba AS. Naboskapet har ikkje alltid vore knirkefritt.

Konkurransen om Amundsneset

Etter at Os kommune valde vekk å forhandla med Mecmar om Amundsneset, spør dagleg leiar Ragnar Selstad seg om dei må vekk frå Os for å kunna ekspandera.

På eit relativt lite område på austsida av Sunnøya ligg tre næringsinteresser og konkurrerer om plassen. Nettopp plass er ein avgrensa ressurs under Lepsøybrua. På nordsida av kaien leiger fiskarar eit område frå Os kommune. Eksosanlegg-produsenten Mecmar AS og reiaren Samba AS har etablert seg på kvar si side av denne tomta. I vår ville Os kommune selja området som Samba AS så langt har leigt. Både Samba, Os Kaiservice og Mecmar viste interesse. Men då politikarane i Eigedomsutvalet behandla saka, valde dei vekk Mecmar.

Mecmar kontakta advokat

"Rådmannen vert gjeven fullmakt til å forhandla med Samba AS og Os Kaiservice. Forhandlingar med Mecmar AS vert ikkje gjort, grunna risiko for at føremålet med salet ikkje vert oppnådd", heitte det i vedtaket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mecmar har vore på jakt etter større kaiareal i området, og var naturleg nok skuffa. Ragnar Selstad kontakta advokatfirmaet Rasmussen & Broch. Dei kravde innsyn i saka, svar på spørsmål og møte med kommunen.

- Antakingar utan grunngjeving ekskluderte Mecmar AS frå kjøpet, og utan at det frå Os kommunes side var gjort noko forsøk på å tre i dialog med Mecmar AS, heitte det i brevet. Det vart vist til at kommunen kjenner til Mecmars behov for større kai. Os kommune har avskore Mecmar frå å veksa vidare, som følgje av at dei ikkje fekk delta i konkurransen. Firmaet må difor vurdera å "ikke videreføre sin virksomhet fra Os".

Kommunens syn

«Os og Fusaposten» kontakta ordførar Terje Søviknes, som også leier Eigedomsutvalet, for å få svar på kva føremålet med salet av tomta var, som Mecmar, ifølgje politikarane, ikkje var i stand til å oppfylla.

Samba har vakse seg store på sjøtransport.
Samba har vakse seg store på sjøtransport.

- Føremålet med salet var å tilby dette arealet til nokre næringsverksemder som var avhengig av kaifront. Samba AS driv med båttransport og er difor avhengig av kai i den daglege drifta. Mecmar på si side, har allereie kai på motsett side av Amundsneset. Og det er ei ingeniørverksemd, så me vurderte at dei ikkje er like avhengige av båtar i aktivitet for å kunna driva, seier Søviknes.

Dagleg leiar i Samba, Eirik Haugland, legg til at han omtrent aldri har sett ein båt leggja inn til Mecmar sin kai.

- For liten kai er årsaka

Ragnar Selstad er ueinig i dette, og viser til at årsaka til at Mecmar ikkje har tilløp av lastebåtar, er nettopp at dei ikkje har stor nok plass til å ta dei i mot.

- Me har rett og slett ikkje plass til å ta imot lastebåtar og containerar av den storleiken marknaden etterspør. I staden må me basera oss på lastebilar. Men årsaken til at me valde å etablera oss her, var jo nærleiken til sjøen, med tanke på sjøtransport, seier Selstad.

Han legg til at sidan situasjonen er som han er, må dei senda delar til Rotterdam for slutthandtering før vidaresending.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er arbeid me kunne ha gjort her, men som me no må hyra inn andre til å gjera for oss. Det betyr arbeidsplassar som Os kommune går glipp av. I staden er det nokon i Rotterdam som får jobb, seier Selstad.

Treng plass å veksa på

I løpet av mange år har Mecmar vakse seg store på å selja eksosanlegg som reinsar vekk miljøfarleg NOx ved å laga vatn og nitrogen av stoffet. Kundane deira er stort sett ute på det store hav. Utanlandske marinefartøy, private luksusyatchar og offshore utgjer berebjelkane i verksemda.

- Medan andre i den maritime bransjen slit, ser me for oss vekst. I 2014 hadde me ca 18 mill. kroner høgare omsetning enn året før. For å kunna veksa, treng me levelege vilkår frå Os kommune, seier Selstad.

Draumen om fiskemottaket

Samtidig har altså Mecmar ikkje høve til å ekspandera opp til tomta like nord, der fire fiskarar har leigeavtale med Os kommune. Ein av dei er Elling Røttingen.

- På det meste var det 15 sjarkar som leverte fisk på Amundsneset. Me har hatt eit ønske om å etablera fiskemottak der, men så langt har me ikkje fått det til, fortel Elling Røttingen. Han er ein av fire fiskarar som fekk avtale med Os kommune om å leiga kaien i 1998. Avtalen skulle vara i 40 år, og har såleis 23 års løpetid att.

- Men dersom de ikkje greier å få på plass fiskemottak, kva med å la Mecmar få sleppa til - som sårt treng plassen?

- Det har aldri vore meininga at Mecmar skulle få koma inn på dette området. Dei har eit stort område den dag i dag, og tomta me har leigeavtale på var meint for fiskeriverksemd. Me veit heller ikkje kva som kan skje i framtida, kanskje det kan vera eit fiskemottak der om 20 år?

- Men det er ikkje noko fiskeverksemd der i dag?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei, ikkje nett no. Samba får bruka dette området i dag, seier Røttingen.

Ein mangelfull kontrakt

Frå Os kommune si side vart det ikkje sett ned noko vilkår i kontrakten med fiskarane om kva området skulle brukast til - sjølv om det var underforstått at det var fiskemottak som var tanken.

- Det var før mi tid som ordførar. Sjølv om tanken var fiskemottak, vart dette aldri etablert. I staden har fiskarane framfesta området til andre. Dessverre var det ikkje lagt inn føringar i kontrakten for å regulera dette. Men for Os kommune er det aktuelt å vurdera kor me står juridisk i denne saka, seier Søviknes.

- Skjemmande nabotomt

Ifølgje Ragnar Selstad har aktiviteten på nabotomta vore skjemmande for hans verksemd heilt sidan dei etablerte seg her i 1999.

- Heile området såg ut som ein søppelfylling då me kom hit. Me fekk rydda opp på vår tomt og gjort det fint og skikkeleg. Det same kunne dessverre ikkje seiast om nabotomta, seier Ragnar Selstad.

Illeluktande fiskeutstyr og boss har gjort at Mecmar vegra seg for å invitera kundar til hovudkontoret på Sunnøya.

I brevet til Os kommune frå advokatfirmaet er dette eit tema.

- Bos, avfall - jamvel illeluktande - og mangel på vilje til eit godt naboskap, har no gjennom fleire år, karakterisert situasjonen på Amundsneset, skriv advokat Rasmus Broch.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samba: - Inga konflikt

I dag har Samba rydda ein del på området. Etter at dei fekk kjøpa området, har dei planar om å byggja ein 40 meter lang kai på området dei fekk kjøpt. Dei har i dag 16 fast tilsette, i tillegg til ei rekkje vikarar. 27 personar totalt, ifølgje proff.no. Ifølgje Eirik Haugland er det frå deira side ikkje noko konflikt på Amundsneset.

- Me har ikkje noko konflikt med Mecmar. Men me opplever at me har måtta kjempa hardt for vår vesle flekk. Den måtte me betala dyrt for i ein bodrunde, medan Mecmar fekk kjøpa si tomt veldig rimeleg i 1998, seier Haugland.

Møte med kommunen

Denne veka hadde Os kommune eit møte med Mecmar. Ifølgje Ragnar Selstad var dette eit svært positivt møte, der dei fekk leggja fram sitt behov for større kaianlegg. På spørsmål om kommunen hadde noko areal å tilby, svarer Selstad: "Det må me få koma tilbake til".