Utsetjer jubileumskonsert: Os kyrkje opplyser onsdag at den store korkonserten som var planlagt søndag - for å feira 150-årsjubileet til kyrkja - må utsetjast.

Koronaviruset fører til fleire avlysingar og utsetjingar

I går kom FHI med nye tilrådingar. Fleire arrangement i Bjørnafjorden vert no avlyste eller utsette.

Koronautbrotet er over i en ny fase, og tysdag opplyste Helsedirektoratet og FHI at fem av dei då 277 tilfella med påvist koronavirus ikkje var mogleg å spora smittekjelda til.

I tillegg til handhygiene tilrår Folkehelseinstituttet tiltak for å redusera kontakt mellom menneske. Det gjeld bruk av heimekontor og fleksitid der det er mogleg og å avlysa store arrangement der mange samlast tett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei tiltaka som no kjem, er viktige for å redusera smitten frå person til person i samfunnet, og dermed verna dei sårbare gruppene. Dette vil bidra til at det er kapasitet i helsetenesta til å ta seg av dei som treng det, seier avdelingsdirektør Line Vold ved Folkehelseinstituttet.

Os Turn melde i går at deira arrangement på Luranetunet er avlyst/utsett:

Les også
Koronaviruset set ein stoppar for Os Fotball sitt årlege treff med dei eldre

Os kyrkje opplyser onsdag at den store korkonserten som var planlagt søndag - for å feira 150-årsjubileet til kyrkja - desverre må utsetjast. Kyrkja satsar på at konserten kan gjennomførast på eit tidspunkt i haust.

– Vi er mange som har gledd oss til denne konserten, og få sjå, høyra og oppleva eit meir eller mindre samla kormiljø i Os. Men me meiner at det er uforsvarleg å gjennomføra konserten som planlagt etter Folkehelseinstituttets siste tilrådingar om større arrangement. I staden skal vi no få sjå fram til konserten litt lenger. Vi satsar på å finna ein ny dato for konserten til hausten, skriv jubileumskomiteen i ei pressemelding.

I Fusa har ein sett seg nøydd til å avlysa Helsesista sitt besøk til den vidaregåande skulen.

Les også
Helsesista kjem til Fusa vidaregåande skule

Kjenner du til andre arrangement som er råka av koronaviruset? Tips oss på tlf 489 95 310 eller tips@osogfusa.no.

Tips oss.