Var stengd: Det blei sett opp bom grunna vasking i Liafjellstunnelen. Bommen blei køyrd ned av ein bilist.

Køyrde gjennom bommen: — Ingen skadar på vaskemannskapet

Liafjellstunnelen var stengd grunna vasking. Det ignorerte ein bilist.

Natt til onsdag gjekk det føre seg vasking i Liafjellstunnelen. Tunnelen var difor stengd og bommen nede. Kring klokka 04.35 kom det ein bilist som tydelegvis hadde det travelt.

— Kort tid etter at dei hadde sett i gang, kom det ein mørkeblå bil, mogleg Golf. Denne dundra gjennom bommen. Ingen skader på vaskemannskapet, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skiltet på bilen skal ha hengd laust og køyretøyet forsvann i retning Bergen.

— Melder klarte ikkje å få med registreringsnummer på bilen. Ingen politipatrulje på staden, skriv Lyssand.

Kontroll av bil

Tysdag ettermiddag kontrollerte politiet eit køyretøy der føraren ikkje kunne visa fram gyldig førarkort.

— Mannen, i 40-åra, hadde bruksforbod på bilen og den blei avskilta på staden. Sjåføren er meld for køyring utan gyldig førarkort, i tillegg til ikkje å ha forsikring på køyretøyet.

Mogleg tjuveri og forfalsking av gåvekort

Politiet fekk melding frå ei bedrift nord for sentrum tysdag. Meldinga gjekk på at ein tidlegare tilsett kanskje hadde stole gåvekort og forfalska desse. Det skal vera opplyst at det vil koma ei melding på forholdet.