Fiskelast: Føraren av denne lastebilen måtte tetta lekkasjen før vedkomande fekk køyra vidare.

Køyrde på E39 med avrenning frå fiskelast

Føraren fekk køyra vidare etter at lekkasjen var tetta.

Måndag kveld kontrollerte Statens vegvesen tunge køyretøy ved kontrollplassen på Svegatjørn i Os.

Til saman 31 førarar vart vinka inn. Tre av desse fekk bruksforbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein person måtte sikra lasta betre før vidare køyring. Ein annan lastebil var begjært avskilta, men dette vart ordna opp i i løpet av kontrollen.

Den tredje hadde avrenning frå fiskelast og måtte stansa avrenninga før vidare køyring.

Det vart også delt ut tre dekkgebyr på grunn av for lita mønsterdjupne. Noko som medfører eit gebyr på kroner 2.000 kroner per dekk.

To førarar fekk åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletidsreglane, og to andre køyretøy fekk mangelsetel for tekniske manglar.