Fleire forhold: Ein mann i 40-åra må møta i retten i januar, tiltalt for fleire forhold av køyring utan gyldig førarkort og ruskøyring.

Køyrde seg fast i eit gjerde på gangveg i juli: No er mannen tiltalt

Det “snodige” tilfellet frå juli i år, er del av tiltalen mot ein mann i 40-åra.

I sommar skal mannen ha køyrd seg fast på ein gangveg i Os. Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Mikkelsen, uttala den gongen at mannen bak rattet ikkje hadde førarkort.

— Han har køyrd på det som skal vera ein gangveg. Det har blitt for smalt, og bilen stod fast i eit gjerde. Dette var litt snodig, så vi blei kontakta. Bilen er litt skrapa opp, sa Mikkelsen til Os & Fusaposten i juli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet mistenkte også at føraren var rusa.

I tiltalen kjem det fram at han skal ha vore påverka, og at rusinntaket truleg har skjedd i Bergen i forkant av køyreturen som enda på gangvegen.

Han er også tiltalt for å køyra utan gyldig førarkort, i tillegg til brot på skiltforskrifta.

Det viser seg at mannen blei stoppa av politiet i trafikken om lag eit halvt år tidlegare. Første juledag i 2021, skal tiltalte ha køyrd bil under ruspåverknad. Heller ikkje då hadde han gyldig førarkort.

Det hadde han heller ikkje halvannan månad i førevegen, då han skal ha blitt stoppa på Byvegen.

Mannen i 40-åra må møta i retten i januar.